Hopp til hovedinnhold

Lorie Ballage

Bath Time – Lorie Ballage

I Lorie Ballage sitt univers vert vi møtte av det å feile som strategi for å nærme seg det ukjende. Når noko er feil, har det oppstått ei uoverenskomst mellom dette noko, i møte med det som faktisk er. Det å feile kan dermed sjåas på som ei handling som søkjer å nærme seg eller avdekke ei sanning, og dannar grunnlaget for korleis mennesket lærar om seg sjølv i møte med verda.

Å omfamne feil er på eit vis som å overgje seg til havet. Ein taper kontroll, mister oversikt og punkt å navigere etter. Men ein kan også sjå det som ein invitasjon, som ei opning for å eksperimentere og tilnærme seg material sine potensiale på andre premiss. I utstillinga møtes ulike tilstandar av vatn i eit kretslaup kor dei kommuniserar med kvarandre. Nokre gonger feilfritt, nokre gonger dysfunksjonelt.

Vatnmolekyl er tiltrukke av seg sjølve, dei som dannar utsidan av overflata prøver alltid å kome tettare på dei som er inni. Dette gjer at vatn som materiale har eit ynskje om å verte meir kompakt, intimt og sfærisk, kjempande om å kome unna si eiga overflatespaning. I større kropper av vatn, som den menneskelege eller leireskulpturar, vert denne spaninga overkome av tyngdekrafta.

I praksisen hennar utforskar Ballage sitt eige potensiale som ein kropp av vatn, tiltrukke av andre vatnmolekyl i havet. Ettersom utviklinga av lunger har gjort menneske om til pustande behaldarar for vatn, som ikkje heilt høyrer heime korkje på land eller til havs, set ho seg sjølv uunngåeleg opp for å feile. I arbeida hennar for Bath Time vert trongen mot vatn tilkjennegjeven gjennom keramiske skulpturar av glasert steingodsleire, kor ho undrar over kretslaupet åt vatn og utforskar fontena som ei upraktisk maskin. 

Lorie Ballage (f. 1994, Paris, Frankrike) har ein mastergrad i kunst frå Fakultetet for Kunst, musikk og design ved Universitetet i Bergen frå 2017. Dei siste åra har ho stilla ut mellom anna ved Kunstgarasjen og Isotop i Bergen, Skælskør i Danmark og ved Heusden i Nederland.