Øyvind Suul

Deus Ex Machina – Øyvind Suul

Suul sine verk kretsar kringom konsept knytta til fleksibilitet, tyngdekraft, likevekt, motvekt, spaning og rørsle. I utstillinga synes tre skulpturinstallasjonar som på sitt individuelle vis hintar til funksjonalitet, rørsle eller til mekaniske system i statiske positurar.

Utstillinga si tittel, Deus Ex Machina, kjem frå latin og tyder «Gud frå maskina/maskineriet». Uttrykket stammar frå antikkens greske teater kor skodespelarar som representerte gudar vart heisa opp via mekaniske installasjonar for å gje inntrykk av å svive over scena. Svært ofte er begrepet nytta om ein forteljarteknikk, kor ein ved å nytte dette som eit grep kan kome seg ut av situasjoner eller logiske breister i narrativet. I dagens tid er uttrykket mest kjend for å sikte til håp eller forventning om ei utanomjordisk eller guddommeleg inngripen i ein tilsynelatande håplaus situasjon.

Som uttrykk består skulpturane av kombinasjonar av organiske og industrielle inspirasjonskjelder. I Suul sine verk søkjer han det tvetydige som kan gje spelerom for betraktaren til å nytte seg av si eiga, personlege fantasi- og assosiasjonsverd til å danne personleg meining og betydning i arbeida. Erfaringa og den kulturelle bakgrunnen betraktaren tek med seg i møte med verka vert såleis viktige verkemiddel for korleis utstillinga får samanhang og forankring i den levde røynda. På eit vis får dermed betraktaren sjølv rolla som inngriparen som kjem utanifrå, og vert ei essensiell del av å skipe heilheit og meining.

Øyvind Suul (f.1967, Trondheim, Noreg) gjekk ut med Hovudfag ved Institutt for Keramikk ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskole i 1996. Dei siste åra har arbeida hans vore utstilla på mellom anna Vestfold Kunstsenter i Tønsberg, Haustutstillinga på Kunstnernes Hus i Oslo og Norske Kunsthandtverkarar si Årsutstilling på KODE i Bergen. I tillegg har han utført offentlege oppdrag mellom anna ved Ottestad ungdomsskule, Nesbru vidaregåande skule og Psykologisk Institutt ved Universitetet i Oslo. Suul sine arbeid er innkjøpt av mellom anna Nordenfjeldske Kunstindustrimusem, Vestlandske Kunstindustrimuseum og Trondheim kommune. I 2015 mottok han eit 10-årig stipend for etablerte kunstnarar frå Kulturrådet.