Gunnar Thorsen

Keramiske objekt – Gunnar Thorsen

Gunnar Thorsen sine skulpturelle verk spring ut frå eit formspråk tett knytta til det geometriske. Form står sentralt i kunstnarskåpet hans, som han arbeider med i materiala keramikk, tre, stein, betong og metall. Særskild sirkelen med sitt enkle, runde plan er ofte eit utgongspunkt for utforsking av spaning mellom indre og ytre form. Korleis kan det som er ei tilsynelatande enkel form verte framheva av glasur, eller ved å tilføye andre materiale? Korleis kan farge og struktur få fram og formidle skala og vekt?

For Thorsen er materialiteta si eigaverdi, språk og historie tungtvegande. Kvardagsobjekt og gjenstander er verdifulle kjelder til inspirasjon; dei ber vitne om mengder av arbeid nedlagd, ofte tufta på det som kan vere generasjonar av tileigna kunnskåp og kompetanse. Dette er verdiar som står høgt i kurs hjå kunstnaren, og som kjem til uttrykk i dei presise, arkitektoniske formene som utgjer arbeida hans.

Heller enn å la det tilfeldige og impulsive styre prosessen er arbeida prega av ei villa, planlagd og styrt prosess, kor det abstrakte formspråket gjev gjenklang i kjende objekt. Å kople nye materiale med funne objekt, føre notid og fortid saman, er eit vedvarande driv i prosessen og uttrykket hans. Ved å ta utgongspunkt i det som allereie finst i verda med si ibuande historie, og framheve det som er ved å leggje til sitt eige, dannar arbeida rom for nye narrativ og tolkingar. Korleis verka til ei kvar tid står i samspel med omgjevnadane, er også kjelde til undring. Som korleis eit skiftande skydekke kan føre til ljosrefleksjonar i glasur og endre vår oppfatning av form, nesten som det pustar liv inn i statiske former.

Gunnar Thorsen (f. 1948, Stavanger, Noreg) har diplomeksamen i keramikk ved Bergen Kunsthåndverkerskule frå 1977. Dei siste åra har han stilla ut mellom anna på Hå Gamle Prestegard på Jæren, Tendenser på Galleri F15 i Moss, New York Design Fair i New York, artgenève i Sveits og Bomuldsfabrikken i Arendal. Thorsen sine arbeid er kjøpt inn av mellom anna Everson Museum i USA, Nasjonalmuseet i Oslo, Nordenfjeldske kunstindustrimuseum og KODE.