Elin Hedberg

Møter (Det var mørkt, men jeg følte meg trygg) – Elin Hedberg

I skogen er ein aldri aleine. Vandrande kring stammar som buktar og strekker seg opp og fram i kampen om solstrålene, møter ein på liv levd som tre, men også på seg sjølv som eit levande liv blant desse. Når ein lyttar til treas indre kretslaup av vatn, soge frå bakken og opp i krona, er lyden omtrent den same som lyden av pulsen som slår i vårt eige indre. Som om både vi og trea er behaldarar, kroppar som strekker seg ut og rundt, i forsøk på å halde fast i oss sjølve. 

For Elin Hedberg er møtet viktig. Møtet som handling, som idé, tid og stad, men også møtet mellom verk og publikum, skog og menneske, materiale og kropp. I utforminga av verka nyttar ho korpusteknikk, kor koparrøyr vert hamra og strokne ut, så langt det kan la seg gjere innanfor hennar eigne kroppslege avgrensingar. Taktfaste, kontrollerte slag med høgre handa, medan den venstre roleg dempar effekta av slaga og syg til seg vibrasjonane, slik at materialet heile tida vert verande i ein balanse av valdsam tilverknad og omsorg. 

Når verka har vorte til seg sjølve, funne lengda og forma dei skal ha, har ho lagt dei ned i behalderar med sagflis og salmiakk. Her har dei fått kvile i alt frå tre dagar til fire veker, som i dvale, før dei får kome ut, patinerte i ei fargedrakt som har endra seg frå koparet sin intense oransjefarge til meir lågmælte tonar i grønt, svart og blått. Frå eit underlag av bjørketre strekker dei seg opp og utover, som einskilde personlegheiter som saman utgjer ein installasjon av metall, tre og kropp som inviterar publikum i møte. 

Utstillinga er støtta av Kunstsentrene i Norge.

Elin Hedberg (f. 1988, Stockholm, Sverige) har ein mastergrad i Medium og materialbasert kunst frå 2015 ved Kunsthøgskolen i Oslo, der ho også har arbeidd som verksmeister i metall sidan 2017. Dei siste åra har ho stilt ut mellom anna på Format, Kunstnerforbundet og RAM Galleri i Oslo. Verka hennar er kjøpt inn av mellom andre Innkjøpsfondet for Norsk Kunsthåndverk for KODE i Bergen og Nasjonalmuseet i Oslo.