Samuel Brzeski

Spirit of the depths – Samuel Brzeski

I Samuel Brzeski sine arbeid vert stader og tilstandar av ubehag i digital kultur utforska. Ved å nytte grep som auking og senking av fart, fragmentering og forskyvning, vert språket ein metode for å framkalle underliggjande kjensler av uro. Gjennom videoinstallasjonar, lyd, performance og tekst søker Brzeski å utløyse kjenslemessige responsar, i møte med den digitale verda som omsluttar oss. I arbeidet sitt er han oppteken av korleis menneska si rytme og oppmerksemd endres som effekt av det digitale. 

I Spirit of the depths møtes den rytmiske strukturen åt galdralag med det digitale i ei stadsensitiv tilnærming til utstillingsrommet Hvelvet. Galdr tyder sverjingar, som i norrøn tid vart framført syngjande i verselinjer, kjend som galdralag. Galdralag strukturen legg vekt på overdriven repetisjon og bokstavrim i vers på åtte linjer, og denne rytmiske strukturen dannar grobotnen for Brzerki sine eigne sverjingar, kor han messande manar fram fragment av Hvelvet si historie, blanda med spekulasjonar kringom moglege framtidsscenario. 

I Brzeski si tilnærming til Hvelvet møter vi staden meir som ein tilstand enn som eit fysisk forankra punkt i verda. Ved å kombinere digitale skjermar, statisk støy, repetisjon og vokale mantra, inviterar han tilskodaren til eit slags tomrom, kor fornemmingar av fysisk tilstadeværing i tid og rom vert råka ved. 

Utstillinga er støtta av Kulturrådet, Billedkunstnernes Vederlagsfond og Bergen kommune.

Samuel Brzeski (f. 1988, London, England) har ein mastergrad i kunst frå Fakultetet for Kunst, musikk og design ved Universitetet i Bergen frå 2019. Dei siste åra har han vore involvert i prosjekt ved USF Visningsrommet, BEK, Bergen Assembly, Lydgalleriet og SLAKT i Bergen, og har fleire tekster som vert publiserte av TEXSTpress i 2021.