Anna Ihle
Det seiest ofte at reinsemd er ein dyd. At det reflekterer omhu og respekt for ein sjølv, sine eigne og andres omgjevnadar. Men når er noko reint? Når ein talar om reinsemd og om å vere reinsleg, talar ein eigentleg om å halde ting skilde frå kvarandre, om eit klart brot, ein kamp om territorium? Ein plass for kvar ting, kvar ting på sin plass. Ting som gjev så mykje gneister av glede berre å halde i at det sprutar over, at det lek inn i heile eins eksistens, som eit lova land av mjølk og honning?
I utstillinga Clean Break undersøker Anna Ihle ideal knytte til orden og kontroll i samtidas arbeidsliv og kvinnerolle. I ein arbeidskvardag vekslande mellom å arbeide med store eikestokkar og å amme barnet sitt, båe er umoglege å presse inn i ein mal om 37,5 timars arbeidsveke, prøver ho å manøvrere mellom samfunnets rammeverk og levde erfaringar. I eit forsøk på å finne alternative måtar å få kontroll, har Ihle nytta ein ryddekonsulent til å rådgje seg i eit rotete arbeidsrom. Eit modig grep for å ordne opp i eige liv eller ei fallitterklæring? Kor går grensene for kva som er akspetabelt rot og kva som er uhygienisk?
Det reine speler inn i liva våre på ulike måtar med ulike forteikn. Av og til som spake forsøk på å halde liv i eit språk, somme stunder som måtar å plassere menneske på, dele oss inn i dei skitne og dei reine. Forventningar om reinsemd varierer med rollene vi har for oss sjølv og kvarandre. I arbeidslivet kan fråver av reinsemd tolkast som eit teikn på innsats og genialitet, der spor av smuss og skitt vitnar om eit stykke godt utført arbeid. Vert ein teken for å vere eit geni om ein ammar eit barn frå eit bryst dekka av eit lag sveitte og spon frå dagens arbeid? I rolla som mor kan fråver av reinsemd i verste fall verte tolka som manglande omsorgsevne, å feile eller ikkje strekke til.
Clean Break syner spor av arbeid i prosess, med materialitet som spon og støv. Små videoar syner hender i arbeid; som rører, som arbeider, som mjølkar. I utstillinga er materialitetane sjølve i kamp med einannan. Støvet som søkjer seg mot ein elektronikk det potensielt kan ta av dage. Massive stokkar av tre til hinder for fri rørsle. Ei stemme som fortel deg kor mykje betre også ditt liv kan verte, om du berre tek deg saman, tek grep, mjølkar potensialet og kjenner det gneistre av glede i det du omsorgsfullt plasserer kvar ting på sin plass, ein plass for kvar ting.
Utstillinga er støtta av Stavanger kommune og Kulturrådet
Kamera og klipp: Anette Gellein
Skodespelar lyd: Uma Feed
Assistentar: Christopher Omland, Leif Ole Stampa
Produsert i samband med HIAP, Art Lab Gnesta og Västerås Konstmuseum
Anna Ihle (f. 1984, Noreg) tok sin mastergrad i Kunst i Offentleg Rom frå Konstfack i Sverige i 2014, og har delteke eit år på Van Eyck-instituttet i Maastricht, samt ein termin i tekstildesign ved National Institue of Design i Ahmedabad. Ihle har synt arbeid ved mellom anna Konsthall C i Stockholm, Västerås Konstmuseum, og Fotogalleriet i Oslo. Saman med kunstnaren Addoley Dzegede har ho kunstpodkasten Ask Addoley + Anna, som er utgjeven i fem sesongar og har vorte synt ved mellom anna CAC Brétigny.