Kim Hankyul

Kan ein vere både éin, ingen og hundretusen til same tid? Vere idéen om seg sjølv, ein annans fantasi, Austens bitande sarkasme og Vestens mystikk? Ein kokong kan løyne både sumarfugl og edderkopp, eit foton vere både partikkel og bylgje. I Kim Hankyuls univers vert ein ofte møtt av ei form for dissonans. Denne dissonansen kjem til uttrykk i mange former. Material som ser mjuke ut, men som er harde. Lydar som minner om naturfenomen, mikrofonar seinka ned i sylindrar av glas, som speler av sine eigne vibrasjonar i møte med den kalde, glatte overflata.
I Hankyuls arbeid får eigenskapar og verknadar framtre på eigne premissar, i eit kinetisk teater kor materiala spelar hovudrollene. Teateret er inspirert av stykket M. Butterfly (1988) skrive av David Henry Hwang som ein kommentar til operaen Madame Butterfly (1904) av Giacomo Puccini, og tek opp spørsmål knytte til global politikk, orientalisme, kjønn, rase, relasjonar og fordommar mellom Austen og Vesten. I Hankyuls versjon får materiala sjølve spele rollene. Blåst glas dannar soniske kammer der lyden av materialet får oppstå og breie seg ut i rommet. Glasstykker smelta til ei tilstand mellom hard og mjuk, fleksibel og statisk, varm og kald, peikar på fantasiar og tendensar vi har til å tileigne kvalitetar til kroppar, rase og kjønnsuttrykk. Dette gjeld særskild korleis det vestlege blikket har lagt si eiga binære lesing på Austen, som karakteren Song frå Hwangs stykke seier: «...når han endeleg møtte fantasikvinna si, ville han meir enn noko tru at ho faktisk var ei kvinne. For det andre, er eg ein Orientalar. Og ved å vere ein Orientalar, kan eg aldri heilt vere ein mann».
Éin, ingen og hundretusen? Kanskje er det myten om at noko reint faktisk forblir berre dette einaste eine, for seg sjølv og for andre, som er den største dissonansen av dei alle. Og kanskje er dette den einaste dissonansen Hankyul vel å ikkje late tre fram.
Kritikk av Tuva Mossin på Kunstkritikk.no
Kim Hankyul (f. 1990, Korea) tok mastergrad i kunst ved Fakultetet for Kunst, musikk og design ved Universitetet i Bergen i 2019. Hankyul har tidlegare synt arbeid ved Høstutstillingen i Oslo, Bærum Kunsthall, Ekko Festival no. 17, Slakt i Bergen og Galleria Sculptur i Helsinki. I 2021 mottok han Kistefos-prisen for sitt arbeid The Tempest på Høstutstillingen.
Utstillinga har motteke stønad av Kulturrådet, Billedkunstnernes Vederlagsfond, Bergen Kommune og Regionale Prosjektmidlar for visuell kunst i Vestland.
Ei særskild takk til S12 Galleri og Verksted, Æsa Björk, Maria A. Frantzen, Patrícia Šichmanová, Audrey Hurd, Stian Remvik og Johan Mattias Arvastsson for all stønad i skapinga av denne utstillinga.

Foto: Thor Brødreskift

Foto: Thor Brødreskift

Foto: Thor Brødreskift

Foto: Thor Brødreskift