Johanne Hestvold & Alexandra Hunts
Å oppfatte tid er å observere endring. Rørsler leier frå ein stad til ein annan, lik vesen som sakte kravlar lang havbotnen eller bylgjer som knuser stein mot stein, knekker av større bitar og pulveriserer dei til sandkorn. Med tid er heile verda ein skulptur; element som beveger seg, kombinerer og testar ut kreftene sine; lagar monument som vert fragmenterte til små korn og partiklar før dei samlar seg til nye former. Med tidevatnet vert sanden skylt opp mot land, der sola tørkar den ut før vinden bles den til nye destinasjonar, før det atter vert om til haugar – material og krefter i samarbeid om ein endringskoreografi.
I Invitert (6): Grainy showers Coarse base, har Johanne Hestvold & Alexandra Hunts vidaresendt invitasjonen, og fått med seg Andreas Tegnander til å samarbeide om å fortolke vêrprognosar frå Instituttet for klimaendringar ved Bjerknessenteret for klimaforskning om til lydkomposisjonar. Saman utforskar dei stabilitet, endring, rørsle og prognosar. Vitjande er inviterte til å interagere med to skulpturar ved å klatre opp på dei, og presse sand ned på golvet. Gjennom utstillingsperioden vert skulpturane flytte ikring, med spor av sand som vitne etter plasseringa deira i tid og rom. Lengtar material i seg sjølv etter stabilitet, eller er det menneska som lengtar etter å stabilisere material? Ved å gå oppå skulpturane vil tyngdekrafta tvinge sandkorn ned gjennom trakter, der dei dannar haugar før dei når eit mettingspunkt og utløyser små skred. Gjennom denne sjølvdestruksjonen bevarer sanden si form som ein haug ved å utvide basen sin og tillate eit meir stabilt fundament, eit system som verkar. Nokre gonger er linja mellom å bevare og endre ei skjør ei, lik ei linje trekt i sand.
Å kunne forutsjå og forutane kjem via erfaring over tid. Mønstre av rørsler vert til kjelder for informasjon som påverkar våre håp og forventningar om framtida. Kva kan fortidas siroccovindar som blæs gjennom Sahara fortelje oss om framtidas flaumar? Lydlandskapet I Grainy showers Coarse base kjem frå ein skulpturell høgtalar, som med stigande og synkande rørsler sender bylgjer av lyd gjennom den skiftande topografien i utstillinga. Korleis kan vi observere endring når det kjem gjennom immaterielle eller små rørsler, som bylgjer av lyd eller partiklar av korn som fell oppå einannan? Ofte går dei små elementas krefter oss hus forbi, heilt til dei forårsakar ei større hending, som ei bylgje som bygg opp momentum der den knuser stein mot stein, eller fallande sandkorn som utløyser skred.
–––––––
Utstillingsserien Invitert vart oppretta i 2018, og har sidan vore ei årleg hending på KRAFT. I serien vert ein kunstnar busett i Noreg invitert til å invitere med seg ein kunstnar busett i utlandet for å lage ei utstilling saman. KRAFT ynskjer å opne for det uventa, tilfeldige og spontane som oppstår i møte mellom kunstnarar, heller enn å legge føringar på tema eller material. Intuisjon og kollegial nyfikne utviklar utstillingar i samarbeid som utvidar kunstnarskapa og opnar nye dører.
Årets Invitert-utstilling, med tittelen Grainy showers Coarse base er den sjette i rekka, der KRAFT har invitert Johanne Hestvold, som er busatt i Noreg. Ho inviterte med seg den ukrainske kunstnaren Alexandra Hunts, som bur og arbeider i Nederland. Dei møttes då dei studerte ved Kunstakademiet i Malmö, og utstillinga er deira fyrste samarbeid. I denne utgåva av Invitert har dei utvida invitasjonen og fått med seg den norske kunstnaren og komponisten Andreas Tegnander, som bur og arbeider i Nederland der han og Hunts møttes.
KRAFT er glade for å ynskje velkomen til utstillinga Invitert (6): Grainy showers Coarse base av Johanne Hestvold & Alexandra Hunts, i samarbeid med Andreas Tegnander.
Invitert-serien er kuratert av Kirsti van Hoegee, dagleg leiar på KRAFT.
Johanne Hestvold (f. 1988, NO) tok ein bachelorgrad i kunst ved Kunst- og Designhøgskulen i Bergen i 2013. Ho har også studert ved Kunstakademiet i Malmö (2017) og Kunstakademiet i Helsinki (2012). Hestvold har hatt separate utstillingar ved mellom anna Kunstnerforbundet og Galleri Golsa i Oslo og Tag Team Studio i Bergen. Arbeida hennar har vore inkluderte i gruppeutstillingar ved mellom anna Nasjonalmuseet og Astrup Fearnley Museet i Oslo, Radius i Delft og Sørlandets Kunstmuseum i Kristiansand. I 2020 mottok ho Sparebankstiftelsen Sør Kunstnarpris. Arbeida hennar er innkjøpte av Astrup Fearnley Museet, Drammen Kunstmuseum og AKO Stiftinga.
Alexandra Hunts (f. 1990, UA/NL) tok ein bachelorgrad i kunst ved Det Kongelige Kunstakademi i Haag i 2012 og har ein mastergrad i kunst frå Kunstakademiet i Malmö i 2018. Arbeida hennar har vore utstilte mellom anna ved CODA i Appeldoorn og KUNSTEN i Aalborg. Hunts har delteke i arbeidsopphald og samarbeid med blant andre Kunsten Museum for Samtidskunst Aalborg, FABRIKKEN og Art Hub Copenhagen. Arbeida hennar er innlemma i både private og offentlege samlingar, som den statlege samlinga i Nederland, LAM Lisse Museum i Nederland, Norton Museum of Art og Rudin De Woody-samlinga i USA. Hunts har vore nominert til fleire priser, blant anna FOAM Talent pris, Rudin-prisen ved Norton Museum of Art og ING New Talent Award. Hausten 2023 byrjer Hunts på eit to-årig arbeidsopphald ved Rijksakademie i Amsterdam.
Andreas Tegnander (f. 1995, NO) tok ein bachelorgrad i Sono og Media Kommunikasjon ved Sonic Højskole i Danmark i 2019. Han er tidlegare forskar ved Studio for Electro-Instrumental Music (STEIM) i Amsterdam og del av kunstnarkollektivet ‘The Other Abilities’ i Amsterdam. Han har stilt ut soniske skulpturar, nye media kunstverk og installasjonar ved mellom anna Base Milano, Van Abbemuseum i Einthoven, CODA i Appeldoorn og Het Hem Kunsthal i Zaandam. I samarbeid med koreografen Justin de Jager har han komponert musikk for danseteater som Korzo Teater i Haag, DOX Teater i Utrecht og Scapino Ballet i Rotterdam.
Kunstnarane vil rette ei stor takk til Clemens Spenberger, forskar ved Bjerknessenteret for klimaforskning i Bergen og Oleksandr Prokopenko, eigar av og sveisar ved Molodec Iron Workshop i Lviv for deira uvurderlege stønad, kunnskap og assistanse i skapinga av utstillinga.
Grainy showers Coarse base er støtta av Norsk Kulturfond, Billedkunstnernes Vederlagsfond og med regionale prosjektmidler frå Kunstsentrene i Norge.