Hopp til hovedinnhold

Olaf Tønnesland Hodne

Snørr, piss og tårer – Olaf Tønnesland Hodne

I all løynd utforskar jorda seg sjølv. Langt unna skulande blikk, djupt nede i bakken, i fuktige grotter og mørkaste mold, testar ho seg sjølv ut. Gråter og siklar og slever. Let kroppen sin møtast med steinar i eit hav av fargar og transparens, heilt for sin eigen del. Jorda har god tid. Jorda er alltid fasjonabelt forseinka. Ho svulmar opp og drypp ned att på seg sjølv, dannar små, våte pyttar mineral kan slå seg ned i, ventande på at trykk og temperatur skal gje det form. Jorda kan nytte millionar av år på å late ein mineral vakse nokre milimeter. Verte til krystallar som sakte veks i våte spor, krystalliserar minner om fuktige kveldar til glitrande smykke ho kan bere på kroppen. Jorda tek ingen forhasta avgjerder. Jorda stikk fingen i seg sjølv, og lar resten av oss stå ventande på sidelinja, overletne til det vi sjølv finn for godt. 

Men menneska kan også lage mineral. Teste ut fargar og transparens medan vi siklar over oss sjølve og kvarandre. Utsmykke oss til det som vonleg krystalliserar seg til minneverdige, fuktige kveldar. Kven har vel tid til å sløyse vekk millionar av år på å late grunnstoff, kjemi og prosessar verte einige om å vakse nokre milimeter? Menneska stikk fingrane i jorda, hentar fargar og transparens fram i ljoset, festar glitrande smykke til kroppane sine. Kva har det å seie for korleis vi opplev tid og mineral, når menneska lynraskt kan utføre det jorda sjølv nyttar millionar av år på? 

Snørr, piss og tårer arbeidar Olaf Tønnesland Hodne i ein steinslipartradisjon få held på med i dag. Han slip funksjonelle smykkeelement inn i sjølve steinen, med berre ei brosjenål som ekstramaterial, utan å leggje til andre material og delar. Med utgongspunkt i korleis jorda komponerar materie om til steinar, lagar han objekt av krystallar og edelstein i form av dråper hengande på mineral. Dråpa er eit spor av ei hending, og ein reaksjon frå noko. Ved å dra nytte av denne forma, syner Hodne til ei kroppsleggjering av jorda, så vel som menneskets nytte av å bere delar av ho på sine eigne kroppar. Sjølv om arbeida vert brukte som smykke arbeidar Hodne ofte med varierande storleikar, vekslande mellom å vere ein liten pin på skjorta, til ei brosje på over 2 kg. Men er det storleiken på menneska sine kroppar som definerar smykke? 

Olaf Tønnesland Hodne (f.1990, Noreg) har mastergrad i Medium- og materialbasert kunst ved Kunsthøgskolen i Oslo i 2019, og var då på utvekslingsopphald ved Hiko Mizuno College of Jewellery i Osaka, Japan. Hodne har tidlegare stilla ut mellom anna ved Kunstbanken i Hedmark, FORMAT i Oslo, Søgne Gamle Prestegård, Borøy Kunsthandel og Bomuldsfabriken Kunsthall i Arendal. Hodne sine arbeid er kjøpt inn av Nasjonalmuseet, KODE og Nordenfjeldske kunstindustrimusem.