Hopp til hovedinnhold

Sofia
Eliasson

Symbioser – Sofia Eliasson

Tiltrekt av dufta av feromon famlar ei solitær bie seg gjennom ein liten, gulgrøn bolle. Kravlande presser ho seg fram medan pelsen fyllest med små pollenkorn frå dei skjøre veggane i bollen, ein del av orkidéen marisko. Er bia klar over at dette er heilt essensielt for mariskoens eksistens, eller summar ho berre vidare til neste blome, uvitande om at ferda hennar sørger for befrukting, at det er dette som gjer ein ny generasjon marisko mogleg? Ein undrar ofte på kva punkt det er som leiar til det neste. Kva konsekvensar får vala vi tar i livet? Var det bia som fekk mariskoen til å utvikle si spesifikke duft, eller mariskoens duft som påverka utviklinga til bia? Kva om livet ikkje er ei lineær linje som leiar ein frå eit punkt til eit anna, men heller eit resultat av samarbeid, symbiosar, av stadig dialog som vekslar mellom det eine og det andre?

Symbioser vekslar Sofia Eliasson mellom fortid, framtid og notid. Ved å nytte gamle handverksteknikkar, kunstig intelligens og andre livsformers skaparverk, undersøker ho evolusjon, transformasjon og moglege versjonar av liv. Med utgangspunkt i mariskoen, ein av dei einaste viltveksande orkidéane i Noreg, matar ho kunstig intelligens med eigne visuelle utforskingar, eksisterande biletmateriale og tekst for å mane fram alternative versjonar av orkidéen. Korleis kunne han sett ut om den hadde vore pollinert av romvesen? Dersom delar av han vart forstørra eller forminska? Om han slett ikkje var avhengig av den kalkrike grunnen den så kresent har slått seg til på? Den kunstige intelligensen svarar, kastar frå seg forslag og moglegheiter som Eliasson tek med seg vidare og omarbeider. Ved å frese ut dei ulike framstillingane av orkidéen i kleberstein, lagar ho støypeformer i eit material som har vore med i kulturarven sidan middelalderen. Formene fyllest med tinn, som gjev ei negativ form og ei positiv avstøyping av orkidéen som objekt. Stilt ut saman som par, opnar Eliasson for ein leik som spring mellom tider og transformasjon - eit fossil av ei potensiell framtid kopla med fortidas teknikk og materialbruk. Botanikk skapa gjennom kunstig intelligens møter fordums støypeteknikker via samtidig teknologi. 

Somme tider skapar naturen sjølv sine eigne avstøypingar. Lik samspelet mellom bia og mariskoen, har også bjørketre og borebilla eit symbiotisk forhald. Sjuke og skada tre utgjer habitatet for borebilla, som under barken banar seg vegar og irrgangar. Desse vegane dannar spor, eit slags skriftspråk om møtet mellom borebillas liv og treets daude. Frå tidleg av har desse livsformene som dannar bru mellom det som finst over og under bakken, det som må døy og det som skal leve, vore tolka som symbol for naturens regenererande krefter. I Symbioser møter ein noko av naturens eige avtrykk i form av deler av ei bjørkestamme, lagra i 15 år og prega av møtet med bjørkesplintbora. Stammene ber også spor av små, muterte borebiller laga av kleberstein, som Eliasson har felt inn i treverket - små amulettar som ber med seg skildringar om transformasjon i notid, fortid og framtid. 

Sofia Eliasson (f. 1981, Sverige) har ein mastergrad i kunst frå Fakultetet for Kunst, Musikk og Design ved Universitetet i Bergen frå 2017. Ho har stilt ut ved blant anna Norsk Billedhoggerforening i Oslo, Galleri 54 i Gøteborg og Hordaland kunstsenter i Bergen, samt synt arbeid ved Kunsthall Grenland i Porsgrunn, Nitja senter for samtidskunst i Lillestrøm, Kristiansand Kunsthall og Tag Team studio i Bergen. For tida arbeider ho med eit offentleg kunstprosjekt for Bergen kommune som skal realiserast i Laksevåg barnehage i 2024. 

Utstillinga er støtta av Norsk kulturfond og Billedkunstnernes Vederlagsfond.

Les anmeldinga av utstillinga i Kunstavisen her.