Hopp til hovedinnhold

Tora Endestad Bjørkheim

BUDS – Tora Endestad Bjørkheim

Kva er dei, desse strukturane som held oss oppe? Som omfamnar og omgjev oss, bøyer og buktar seg kring sine eigne aksar for å gje rom så vi kan røre oss, strekke oss ut og puste? Somme tider kan omsorg verke flatt, som om det berre er, lik ei usynleg kraft i ein låst struktur. I røynda er også omsorg del av dynamiske rørsler som formar seg etter nytta og behova vi har. Stundvis slår rørslene seg til ro, kviler eit bel og materialiserer seg, til dømes som møysommeleg vevde tekstilar som omsluttar kroppar for varme, eller perla behalderar der ein kan bere med seg det ein held kjært. Nokre meiner at den beste forma for omsorg er den ein ikkje merkar før ho ikkje lenger er der. Den som knappast kan skimtast og ligg der usynleg, like naturleg og til stades som eins eigen puls. 

BUDS utforskar Tora Endestad Bjørkheim det omsorgsfulle objektet. Objekt som varmar og verner, som rommer, ber og skjuler. Objekt som i seg sjølv krev omsorg for å verte til gjennom langsame og repeterande rørsler, viljuge til å late materiale få tid til å føyast saman og formast til seg sjølv, verte ein kropp, eit inni og eit utanpå. Ein behaldar av hekla perler for å samle det ein treng, eller eit skjold for å verne det som er inni mot det som er utanfor. Lik ei flate er det også fleire sider av omsorg, til det å verte teken vare på og det å ta vare på noko, å vere inni eller utanfor. I utstillinga inviterer Endestad Bjørkheim publikum til å velje mellom å tre inn i og late seg omslutte av ein situasjon, eller betrakte på avstand. Med galleriets utforming som utgangspunkt, deler ho rommet inn i soner. Ved å nytte dei ibuande eigenskapane til materiala som mjuke, lyse tekstilar, behaldarar av iriserande perler og bøygde røyr av kopar, trekker ho vekslar på assosiasjonar til det kjende og det ukjende som kan oppstå i møte med former, rom og erfaringar.

I kva situasjonar er det å ta vare på noko det same som å utslette det? Linja kan vere tynn mellom utsletting og oppbygging, å nytte og betrakte. Eit rom kan vere så innbydande at det å halde seg utanfor kjennest umogleg, sjølv om å gå inn i det kan bety å øydeleggje det. Også dette ligg i materialets natur, evna til å omforme seg, for å tiltrekke eller villeie, lik dekorative flater som skrik etter å verte kjærteikna, berre for å kjennast kalde og avvisande mot huda. Menneskekroppen er også ein behaldar, somme stunder open for å late seg omslutte av det ein treng, somme stunder som eit skjold, for å verne oss mot det som finst utanfor. Nokre gonger er det å ta vare på og det å verte teken vare på det same, å bøyast i ein eigen struktur, klar til å omfamne og omslutte seg kring sin eigen akse for å gje rom til å røre, strekke og puste. 

Tora Endestad Bjørkheim (f. 1986, Noreg) tok mastergrad i kunst ved Kunst- og Designhøgskulen i Bergen i 2013. Ho har tidlegare stilt ut ved mellom anna Vestlandsutstillinga, Entrée og USF Verftet i Bergen og BOA i Oslo. Endestad Bjørkheim arbeider som høgskulelektor i tekstil ved avdelinga for Kunst og håndverk på Kunsthøgskolen i Oslo. Under Bergen Assembly i 2016 var ho med på å utvikle og drive Partisan Café, ein av freethought sine plattformar. Tekst har vore ein sentral del av praksisen hennar, som ho jobba med både som redaktør og skribent, mellom anna med publikasjonen Grafters’ Quarterly i samarbeid med Johnny Herbert.