Trude Berg
Kva er det vi tek utgangspunkt i når vi forsøker å finne ut korleis ting heng saman? Frå kor langt unna beveger vi oss innover i detaljar før vi byrjar å ane eit mønster, noko meiningsberande som bind ting saman? Det seiest at punktet ikkje har nokon dimensjon, at det er den minste, udelelege del. Punktet er ikkje i seg sjølv festa til tid eller rom, det er fyrst når det vert føydd saman med noko anna enn seg sjølv det trer inn i dimensjonar, forankrast og finn ein heim. Som ein klump av leire knuga i ei hand, for så å verte eit handtak, ei linje, ein boge som festar eitt punkt til eit anna.
I Om lengsel vet jeg ingenting inviterer Trude Berg publikum til eit møte med verk som blottlegg sin eigne konstruksjonar, som kan ramme inn små gløtt av verda bak, eller omslutte og verne delar av kroppen og let ein kome tett på dei berande punkta som held dei oppe. Berg sine arbeid er ikkje monumentale av storleik. Ho har gripe fast i dei, vridd og vrengt dei, opna for at ulike behov for samanhang får avgjere kva som er opp, og kva som er ned. Ved å forme leira etter korleis grepet i handa hennar er, dannar det seg lange og tynne strukturar som ho nyttar til å kople og skøyte punkt saman i konstruksjonar. Tempoet og flyten speler stor rolle i arbeidet hennar, då ho bygger dei ferdig i ein og same prosess. Dette påverker storleiken på arbeida. Kor høgt, langt, breidt kan ein bygge på strukturar som framleis er mjuke? I samspel med leiras ibuande eigenskaper let ho kroppen leie veg for å skape former der positive og negative rom møtest, og løfter fram nettopp dei berande og dei svake punkta i konstruksjonane. Formene og samanføyingane har potensiale til å vekse og forgreine seg, men for Berg er det å bevare koplinga til kroppen eit poeng i seg sjølv, å ikkje miste oversikta over kor ein ting byrjar og ein annan sluttar. Ein kan bere mykje med lite, om ein evnar å sjå den store samanhengen som skjuler seg i små festepunkt.
Berg arbeider i møtet mellom det skjøre og det sterke. Kor langt kan ein strekkje linja før ho kollapsar? Kor mange punkt ber vi med oss som støttar og held oss oppe, let luft og rom spele med på korleis vi rammar inn verda? I Bergs utstilling er sjølve punktet i sentrum, kor og på kva måte vi festar oss til det, korleis det får oss til å henge saman, lagar støtteverk og konstruksjonar for det som kan bere og det som vil briste.
Trude Berg (f. 1970, Noreg) tok mastergrad ved Kunstakademiet – Institutt for samtidskunst på Fakultetet for Kunst, musikk og design ved Universitetet i Bergen i 2022, og vart tildelt Studentprisen av Norske Kunsthåndverkere for arbeidet sitt ved avgangsutstillinga. Ho har tidlegare stilt ut ved mellom anna Kunstnerforbundet og KÖSK i Oslo, HilmArt i Steinkjer, Studio K i Kvernaland, Vestland Kunsthall og Galleri Fisk i Bergen.