Hopp til hovedinnhold

Gunnhild Torgersen

Mud Agents – Gunnhild Torgersen

Når livet fyrst oppstår i eit aude landskap, er det så mange ting som må ligge til rette at det er vanskeleg å sjå det for seg som noko anna enn eit resultat av fabelaktig flaks og tilfelle. Tid, rørsle, energi og kjemi er berre nokre av ingrediensane som må møtast, klaffe og samarbeide. Ofte skjer dette på eit så mikroskopisk nivå at det for menneska vert like abstrakt å førestille seg livets oppstode, som å fange vinden med berre nevane. Heldigvis finst det spor og teikn vi menneske kan nytte oss av for å observere og til å undrast over. Som set oss i samband med det å vere éi form for liv omkransa av andre livsformer. Ein av stadene fulle av spor og teikn på liv er Vadehavet – eit randhav av Nordsjøen som ligg mellom Dei frisiske øyer og nederlandsk, tysk og dansk fastland. Vadehavet er det største ubrotne systemet av fjøresand og mudderflate i verda, der naturlege prosessar i stor grad får gå uforstyrra. Det er også staden der Gunnhild Torgersen finn material og inspirasjon, i søking etter punktet mellom levande organismer og ikkje-levande materie.

I Mud Agents inviterer Gunnhild Torgersen til ei utstilling som opnar for å utforske randsoner. Ho hentar leire frå Vadehavet, der dei konstante endringane i havnivået grunna tidevatn medfører eit eigenarta økosystem som må tole store skilnadar på å vere tørr og våt. Dei unike føresetnadane for livet her kan også sporast attende i leira sjølv, der merkelege, litt uforklarlege ting oppstår. Den grå leira som i utgangspunktet vert raud etter brenning, får her til dømes ei nesten kvit overflate. Torgersen tilverkar leira til store, kroppslege former der holrommet er vel så viktig som forma som kapslar det inn – ein føresetnad for alt liv er trass alt ei form som kan avgrense det mot resten av verda. Dei keramiske formene vert sidan dekte med eit tynt lag voks, eit material som kan ha sitt opphav i både dei animalske, vegetabilske og mineralske rika, og som slik foreinar liv i ulike stadium. Dette gjev skulpturane ein assosiasjon til hud, ei hinne som er forlokkande og avskrekkande på same tid. Fleire av skulpturane har eit innfelt stykke farga glas med hol i; heller enn ein behaldar som held fast på noko, opnar Torgersen her for at ei rørsle kan kome seg både inn og ut – ein straumvirvel kan starte prosessar som til slutt fører til liv, og opne ei moglegheit for livet til å fløyme igjennom til nye stader og verte til nye versjonar av seg sjølv.

Gunnhild Torgersen (f. 1985, Noreg) tok i 2011 mastergrad i kunst ved Konsthögskolan i Malmö. Ho har stilt ut ved mellom anna Krognoshuset i Lund, Hå Gamle Prestegard, Röstånga Konsthall, Møre og Romsdal Kunstsenter, Noplace, Volda og Ørsta Kunstlag og Norsk Billedhoggerforening. Ho har gjennomført offentleg kunstprosjekt ved Kongsberg vidaregåandeskule.

Mud Agents
er utvikla i samarbeid med Christiaan Henkel.

Utstillinga er støtta av Kulturrådet og Billedende Kunstneres Vederlagsfond.

When life first emerges in a barren landscape, so many things have to fall into place that it is hard to see it as anything other than a result of extraordinary luck and coincidence. Time, movement, energy, and chemistry are just some of the ingredients that need to come together, align, and cooperate. This often happens on such a microscopic level that, for we humans, imagining the emergence of life is as abstract as trying to catch the wind with our bare hands. Fortunately, there are traces and signs that we can use to observe and wonder, connecting us to the concept of being one life form surrounded by others. One of the places full of traces and signs of life is the Wadden Sea, a part of the North Sea that lies between the Frisian Islands and the mainlands of the Netherlands, Germany, and Denmark. The Wadden Sea is the largest unbroken system of tidal flats and mudflats in the world, where natural processes largely go undisturbed. It is also the place where Gunnhild Torgersen finds materials and inspiration in her search for the intersection between living organisms and non-living matter. 

In Mud Agents, Gunnhild Torgersen invites viewers to an exhibition that explores border zones. She collects clay from the Wadden Sea, where constant changes in sea level due to tides create a unique ecosystem that must withstand extreme differences between wet and dry conditions. The unique conditions for life here are also reflected in the clay itself, where strange, somewhat inexplicable things happen. For example, the grey clay that is initially red after firing acquires an almost white finish. Torgersen shapes the clay into large, bodily forms where the hollow space is just as important as the form that encloses it—after all, a prerequisite for all life is a form that can separate it from the rest of the world. The ceramic forms are then covered with a thin layer of wax, a material that can have origins in the animal, plant, or mineral kingdoms, thus uniting life in different stages. This gives the sculptures an association with skin, a membrane that is both alluring and repellant at the same time. Several of the sculptures contain an embedded piece of coloured glass with holes; rather than a container that holds onto something, Torgersen allows here for a flow both in and out, a vortex that can initiate processes leading to life and open up possibilities for life to flow to new places and transform into new versions of itself. 

Gunnhild Torgersen (b. 1985, Norway) received her master of Fine Arts in 2011 from the Malmö Art Academy. She has exhibited at places including Krognoshuset in Lund, Hå Old Rectory, Röstånga Art Hall, Møre and Romsdal Art Center, Noplace, Volda and Ørsta Art Society, and the Norwegian Sculptors Association. She has completed a public art project at Kongsberg High School.

Mud Agents
is created in collaboration with Christiaan Henkel.

The exhibition is kindly supported by the Arts Council Norway and the Norwegian Visual Artists Fund.