Hopp til hovedinnhold

Kaja Solgaard Dahl

Berørt berg – Kaja Solgaard Dahl

Ein kan undrast over kva naturen tenkte då han laga mennesket – ei livsform med ein tilsynelatande umetteleg appetitt på å lage spor som syner at ho har levd. Kan hende handlar det i grunn om naturens eige kaos. At han i mylderet etter å ha slynga ut eit så gigantisk spekter av material, tid, form, farge og rørsler har tapt overblikket over seg sjølv og måtte lage ei livsform som kan fortolke og binde det heile saman. Eit stykke natur som rapporterer attende til naturen om tilstanden og potensialet. Sette ulike element saman og skape forteljingar om kva verda er, kva ho består av og kva ho kan verte.

I Berørt berg av Kaja Solgaard Dahl vert publikum invitert til ei utstilling der spor frå møte mellom natur og menneske står sentralt. Ved å slipe og hogge i stein og mineral utforskar ho samspelet mellom naturens skaparverk og menneskets evne til omforming. Stein og mineral tilhøyrer krefter og tid langt utover vår menneskelege forståing. For dei som kan lese linjene, laga og formene, er dei forteljande om skiftande økosystem, kjemiske reaksjonar, kulturelle tradisjonar og arkitektur. Korleis skal ein som menneske forhalde seg til desse meiningsberande, tause og vakre urformene? Kva kan ein tilføre, kva for spor kan ein setje av tyding? For Solgaard Dahl står prosess heilt sentralt. Med auge for potensial og steinens formale, fargerike og taktile eigenskaper finn ho emne å gå i dialog med. Somme tider kan det handle om å så vidt lage geometriske innhogg, kanskje felle inn eit lite spor av noko anna. Somme tider handlar det om gleda ved å opne opp og kome på innsida av ein steins skjulte, indre liv. Ofte handlar det om kontrastar; spel mellom det porøse og harde, mellom det matte og skinande. I verka sine koplar ho gjerne to bitar stein saman; ein slags giftekniv mellom to stykke natur som ikkje på eiga hand har forstått kva dei kan få til saman, kva nye formale forteljingar som kan oppstå av dei i lag. Slik vert ho nettopp ein fortolkar av og med naturen, der hennar eigne fysiske avgrensingar for kva ho kan bere og handtere set rammeverket for samspelet mellom henne og materialet. Ein samtidig skapar av morgondagens fossil, vitne om eit levd liv i naturens store kaos.

Kaja Solgaard Dahl (f. 1984, Noreg) tok i 2015 mastergrad i Advanced Studies. Design for luxury and craftmanship ved École cantonale d’art de Lausanne i Sveits. Ho har stilt ut mellom anna ved QB galleri, Format, Atelie, Galleri Sorgenfri og Victoria & Albert Museum. Invitasjonen til å delta på Symposium 2019 førte til hennar hittil største arbeid i stein,
Garden, på ca. 10 tonn larvikitt. Hennar arbeid i tverrsnittet mellom kunst, design og handverk har medført at ho i 2024 var føredragshalder under konferansen Academy of Play i Goa, Indias største designkonferanse.

One might wonder what nature was thinking when it created humans—a life form with an apparently insatiable appetite to leave traces of existence. Perhaps it is fundamentally about nature’s own chaos. In the tumult after the vast array of materials, time, forms, colours, and motions it has cast out, nature may have lost sight of itself and needed to create a life form that could interpret and bind it all together: A piece of nature that reports back to nature about its state and potential, that combines different elements and creates narratives about what the world is, what it consists of, and what it can become.

In Berørt berg (Touched Rock), Kaja Solgaard Dahl invites the audience to an exhibition where traces of encounters between nature and humanity are central. By grinding and carving into stone and minerals, she explores the interplay between nature’s creations and humanity’s transformative abilities. Stone and minerals belong to forces and spans of time far beyond human understanding. For those who can read the lines, layers, and forms, they tell stories of shifting ecosystems, chemical reactions, cultural traditions, and architecture. How should humans relate to these meaningful, silent, and beautiful primal forms? What can we contribute and what kinds of meaningful traces can we leave? For Solgaard Dahl, process is central. With an eye for potential and the formal, colourful, and tactile qualities of stone, she finds subjects with which to engage in dialogue. Sometimes, it may involve making only slight geometric cuts or embedding a small trace of something else. Sometimes, it is about the joy of opening up and accessing a stone’s hidden inner life. Often, it is about contrasts—a play between the porous and the hard, the matte and the shiny. She often pairs two pieces of stone together, as if a kind of matchmaker between two pieces of nature that on their own have not realised what they can accomplish together and what new formal narratives can emerge in combination. In this way, she becomes an interpreter of and with nature, where her own physical limitations for what she can lift and handle set the framework for the interaction between herself and the material. In nature’s vast chaos, Solgaard Dahl creates tomorrow’s fossils as witnesses to existence.

Kaja Solgaard Dahl (b. 1984, Norway) earned her Master’s in Advanced Studies: Design for Luxury and Craftsmanship at the École cantonale d’art de Lausanne in Switzerland in 2015. She has exhibited at venues including QB Gallery, Format, Atelie, Galleri Sorgenfri, and the Victoria & Albert Museum. An invitation to participate in Symposium 2019 led to her largest work in stone to date, Garden, approximately 10 tons of larvikite. With her work positioned at the intersection of art, design, and craftsmanship, she was also invited to speak at the 2024-edition of India’s largest design conference, Kyoorius Designyatra, entitled Academy of Play.