KRAFT gjentek suksessen frå 2021, og i samarbeid med Torsvik inviterar vi til ein kveld med fokus på soppens vedunderlege verd. Det vert servert mat basert på sopp, eit foredrag av Torsvik, og ikkje minst ein presentasjon av hennar nydelege soppkoppar!
Soppkopp II er ein serie unike koppar, der sopp har vore inspirasjonskjelda og er nytta som eit funksjonelt grep og ein leik med keramiske teknikker. Koppane tel no 95 nummererte koppar og målet er å formgje koppar av 150 pensumsoppar (antalet sopp det krevst å læra seg for å verte sertifisert soppkontrollør NSNF). Om du finn ein kopp som står ditt hjarte nær, er du hjarteleg velkomen til å kjøpe han med deg heim.
Hendinga føregår torsdag 10. september kl. 18–21. Føredraget vert på norsk.
OBS: 15 plasser, send namn og telefonnr til kraft@kraftbergen.no for påmelding.
SOPPKOPP II - Herdis Torsvik
Neste utstilling: Moments of Blackout kuratert av Monica Holmen & Stefania Duricova
Kunstnarar: Lorie Ballage, Eirik Falckner, Margrethe Brekke, Jannecke Heien, Eirik Brandal & Robin Everett. Opnar 2. oktober!