Brita Been

Arvestykker – Brita Been

Kva vil det seia å få noko i arv? Kunnskap, materiale og identitet, overlevert med omsorg frå ein generasjon til den neste. Lik vatnet som sildrar ned langs ulike fjelltopper, før det finn saman og vert til ein fjord. Eller tråder som vert trekte, linjer som dannar seg og vert til ein vev. Kor mange syklusar med arv lyt utvekslast mellom generasjonar før det vert til ein rytme, eit mønster, ein tradisjon, noko verdt å ta vare på? 

I serien Arvestykker inviterer Been oss inn til eit møte med tradisjonar frå Telemark, eit knutepunkt i landet som dannar seg lenkjer mellom aust og vest, sør og nord, fortid og framtid. Her har dei utvikla sin eigen rytme, late hendene danse i rosesaum og blikket suge inn sterke fargar. Laga teppe, bilete og klede. Mest kjende er dei kan hende for sine nydeleg utførte og frodige bunadar med blømande ranker og roser, som ser ut til å vekse seg ut og forbi tekstilet sine grenser ved fyrste høve. Den same insisterande livsgleda finn vi att i Been sine vevar, kor ho framhevar, forstørrar og omarbeider mønster frå strømper, skjorter og liv, let dei små detaljane falde seg ut og ta plass mot ein svart bakgrunn. Det er vår, la rankene vekse. Som teppe, som bilete, i rom som er tjelda til fest. Ein finn ikkje ei logisk byrjing eller ending i verka åt Been. Så er det heller ikkje det som opptek ho. Verka er meir på ein plass midt i livet, med dunkande puls og slåande rytme, klare til å strekkje seg både tilbake i tradisjonen, og skyve ho framfor seg, til neste hand open og viljug til å ta imot. 

Det er den arven me ber på, at noko vedunderleg skal skje, noko det er verdt å ta i hug og halde fast i. Generasjonar av føter over same teppe, føter kledde i strømper fulle av fargar, roser og ranker, soge inn av blikket til kvinnene frå Telemark. Ein vev er ein stad kor materiale, historie og menneske møtes. Menneskekroppen er i seg sjølv ein vev; bygd opp av lag på lag med celler vevde og fletta inn i einannan. Også dette har vi fått i arv. Gjennom generasjonar har kvinnene i Telemark late hendene jobbe, tråd for tråd vove og brodert, pryda skjorter, strømper, stakker og liv, med organiske former som vitnar om naturen ikring. Arvestykka er ein hyllest. Til dei, deira arbeid, tolmod og slit. Og ikkje minst til den bugnande overfloden av tekstil arv dei har late etter seg. 

Brita Been (f. 1947, Moss, Noreg) er utdanna innan vev og billedvev frå Statens lærarhøgskule i forming i Oslo, Bergen Kvindelige industriskule og Bergen Kunsthåndverkskole på 1970-talet, samt i kunsthistorie frå Universitetet i Oslo i 2002. Ho har stilt ut mellom anna på Hå gamle prestegard på Jæren og Kunstnerforbundet og SOFT Galleri i Oslo. Ho har motteke statlege stipend, hatt garantiinntekt for kunstnarar og utført ei rekke utsmykkingar. Verka hennar er mellom anna kjøpt inn av Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum og Kunstindustrimuseet i Oslo. I 2019 vart ho tildelt CORDIS PRIZE for Tapestry for verket RANKE. RANKE er nyleg kjøpt inn til nybygget ved Telemark Museum. Motivet kjem frå eit bringebroderi på ei skjorte i samlinga deira.