Martin Stråhle

Hand i hand – Martin Stråhle
Stråhle sine verk kretsar kringom måleriet si materialitet og som utvida felt. Kor langt frå måleriet kan ein gå, og framleis halde fast i prinsippa kringom å forhalde seg til eit todimensjonalt bilete? Korleis forheld måleriet seg som medium til andre uttrykksformer, som til dømes skulptur, tekstil, grafikk og performance?

Den grafiske trykketeknikken monotypi står sentralt i verka han syner i utstillinga Hand i hand. Monotypiet oppstår når eit vått lerret vert pressa mot eit tørt eit som er dekka i overførbare materiale, og dermed skipar eit speglvend avtrykk. Stråhle jobbar ofte ute i naturen, og benyttar seg av jordas eigne materiale som kol, sand og jord. Monotypia vert til ved å nytte si eiga kroppsvekt til å få desse materiala til å møtes mellom lerreta, som slik skipar eit møte mellom naturen, måleriet, kroppen og tyngdekrafta.

Utstillinga er i stor grad tufta på empati som både uttrykk og arbeidsmetode. Stråhle nyttar sin eigen kropp for å beskytte verka på vegen ned frå fjella, og hierarkiet mellom original og kopi vert utviska i gallerirommet kor verka står saman i solidaritet, som toegga tvillingar eller partnerar. Her er det ikkje gjort forsøk på å opphøge status mellom dei forskjellege uttrykka og teknikkane, tvert imot får materiala si eigenverdi og geografiske opphav kome til syne i ein samtale mellom verka, mellom det opprinnelege landskåpet og representasjonen av det. I Stråhle sine verk har alt ein plass, og alt har ein verdi. Restane av materiala som har falle frå lerreta når dei tørka i atelieret hans finn sin eigen plass i eit relief som også vert synt i utstillinga. Dette relieffet har også sin tvilling i ein frottage (grafisk overføringsteknikk), og slik ender det opp med at alle verka har ei hand å halde i.

Kunstsentrene i Norge har bidrege med stønad til utstillinga.
Martin Stråhle (f.1987, Karlstad, Sverige) gjekk ut med ein master i kunst ved Fakultetet for Kunst, musikk og design på Universitetet i Bergen i 2018. Dei siste åra har han stilla ut mellom anna ved Die Box i Leipzig, Møre og Romsdal Kunstsenter i Molde og Babel Visningsrom for Kunst i Trondheim. Stråhle sine arbeid er kjøpt inn av Trondheim Kunstmuseum og Nordland Fylkeskommune.