Tulla Elieson & Elina Brandt-Hansen
KRAFT avsluttar året med å syne eit sjeldant møte mellom to storleikar innan keramikkfeltet i Noreg. I 2007 vitja Tulla Elieson ei utstilling i Krypten på KRAFT, som den gong var Format. Utstillinga synte arbeid av Elina Brandt-Hansen, som stilte ut arbeid kor ho hadde utvikla sin heilt eigne, nye keramiske teknikk. Dette satte sterke spor i Tulla, som med eigne ord “fikk en nesten fysisk reaksjon av en ny teknikk hun presenterte”. Nokre år tidlegare hadde dei to møtst og funne ein slektskap i å ha si kunstnarlege verksemd tett knytta til utlandet, framfor å vere del av lokale, keramiske fellesskap. Med utgangspunkt i dette, at dei hadde fått ei felles forståing for einannan som “framande fuglar”, tok Tulla mot til seg og spurde Elina om ho var viljug til å dela løyndomen bak den nye teknikken sin. Elina sa det smerta ho å gje slepp på noko som var ein del av ho, og som hadde teke mykje tid, energi og krefter for å kome fram til, men at det er ved å dele keramikarar kan vakse som ein “familie”. I 2017 døydde Elina Brandt-Hansen.
I 2021, fjorten år etter Tulla for fyrste gong såg arbeid utført i Elinas teknikk i Krypten, syner vi begges arbeid på KRAFT. To store kunstnarskap som har nytta seg av same teknikk, men med heilt ulikt og særeige resultat og uttrykk. Elinas sjenerøsitet ovanfor Tulla vart aldri gløymt. No vert denne sjenerøsiteten vidareført i ei utstilling med to av landets store keramikarar, kor publikum kan få gleda av å få sine eigne fysiske reaksjonar på Elinas teknikk i både hennar og Tullas arbeid. Som ein særeigen klang til utstillinga, har Elinas son Henning Brandt-Hansen Severud laga eit tingingsverk.
Elina Brandt-Hansen (1955–2017, Bergen, Noreg) tok diplom ved Statens Høgskule for Kunsthandverk og Design i Bergen i 1987, og var stipendiat med spesialomåde innan ornamentikk ved Keramisk Institutt i Bergen i 1987/88. På 1990- og tidleg 2000-talet var ho ein av dei mest internasjonalt anerkjente norske keramikerane, og verka hennar er kjøpt inn av 28 museum i 24 forskjellege land. Brandt-Hansen mottok 11 prisar for arbeida sine, hadde 14 separatutstillingar og utførte ei rekkje offentlege utsmykkingar. Ho har teikna og designa Olav Kyrres gate, som nyleg vart restaurert, og som så å seie endar opp ved KRAFT.
___________
Tulla Elieson
Hommage a Elina Brandt-Hansen
Galleriet
Av og til høyrer ein om dei. Sjeldne fuglar med gode vingespenn. Dei som klarar å overvinne seg sjølv og arbeide seg fram til noko nytt. Til ei løysing, eit uttrykk eller teknikk som tilhøyrer dei sjølve, og dei aleine. Om ein er heldig kan det vere dei har funne utav noko ein sjølv har grubla på. Om ein er enda heldigare, kan det hende ein møter på det. At det openbarar seg for ein, til ei tid eller på ein plass ein ikkje forventar. Etterlet ein med ei fysisk reaksjon. Får moglegheitene til å opne seg på vidt gap, i uoverskodeleg framtid. Kanskje tek dette form av noko tilsynelatande enkelt, men ubestemmeleg. Keramisk sand som sildrar gjennom åpne fingre, det kvitaste kvite og svartaste svarte.
Kva vil det seie å vere raus? Er det når ein held pusten, let det stå til og vågar seg på å spørje om å få ta del i løyndomen? Er det når ein pustar tungt ut, let det stå til og vågar gje slepp på ein del av seg sjølv, late andre inn? Ein sjeldan fugl kvitrar til ein annan, om en teknikk med overflater frie for fingeravtrykk, som korkje er glasur eller sand, men begge deler. Det kan vere smertefullt å dele. Resultata av arbeid og dedikasjon, tid som har gått og ting ein har forsaka. Men det kan også smerte om desse løyndomane går tapt, om dei vert så kapsla inn i kroppen eins at dei ein dag berre forsvinn. Kan hende sjeldne fuglar attkjenner kvarandre. At dei plystrar tonar i eit fall eller melodi som gjev attklang på måter det er vanskeleg for andre å forstå. Den eine syng om prosentandelar av pulver, tallkodar og namna på mineral. Den andre kvitrar tilbake om harde vindforhald i Vest.
I Tulla Elieson attkjende Elina Brandt-Hansen ein felles fugl. Arbeida hennar hadde truffe Tulla, på den fysiske måten som berre nokre få arbeid, teknikk, løysingar og uttrykk evnar å få til. Så når fuglesongen breia seg over fjella og spurde om å ta del i løyndommen, pusta Elina tungt ut, lot det stå til, slapp ein del av seg sjølv og lot ho inn. Dei to har hatt ulik måte å nytte seg av det nye på. Små overflatar som ser ut som fjellformasjonar frå framande land. Store flater med mystiske skikkelsar. Også fuglar vert tynga av krefter utanfor dei sjølve. Harde vindforhald i Vest kan plutseleg blåse ein med seg, slipe ein ned. I 2017 gjekk Elina bort. Attende finst eit uttrykk, teknikk, ein måte for fuglar å syngje som kan breie seg langt ut over dei forblåste fjella i Vest. Grunna rausheita som oppstod i møte mellom Tulla og Elina, får heldigvis også vi ta del i eit uttrykk som kan treffe oss på den fysiske måten det berre fins nokre få arbeid forunt.
Tulla Elieson (f. 1950, Kristiansand, Noreg) er utdanna ved Bath Academy of Art i England i 1970–74 og Kunsthøgskulen i Oslo 1974–75. Ho har hatt ei lang rekkje separatutstillinger dei siste åra, deribland ved Lillesand Kunstforening, Galleri Semmingsen og Ram Galleri i Oslo, Svolvær kunstforening og Bærum kunstforening. I tillegg til dette kjem ei utstrakt rekkje kollektivutstillingar som Northern Light i Tyskland, Kunsthåndverk 2021 ved Sørlandets Kunstmuseum, Ramgalleri i Oslo og Bomuldsfabrikken i Arendal. Elieson sine arbeid har blitt innkjøpe av mellom anna Oslo Kommunes Kunstsamling, Nasjonalmuseet, KODE og Sørlandets Kunstmuseum. I 2018 vart ho tildela Kunsthåndverkprisen.