Erika Stöckel
I Erika Stöckel sine arbeid vert vi som tilskodarar konfronterte med betydninga og konsekvensane av måten vi nyttar blikket til å sjå på andre. Mennesket har ein ibuande trong til å gje verda meining gjennom å redusere den til tal og måleeinheiter, meter og omkrets. Men kva vert den langvarige effekta når man overfører denne måten å betrakte verda på til måten vi observerar, tenkjer på og omgås andre menneske?
I det geografiske området som utgjer Sápmi (Noreg, Sverige, Finland, Russland) vart det på tidleg 1900-talet etablert eigne skular kor samiske born vart internerte mot si og familiens vilje, fordi nasjonalstatane ynskja å assimilere dei inn i dei nasjonale kulturane. Ved desse skulane føregjekk ein utstrakt raseideologisk praksis, blant anna ved måling av omkretsen av hovudskallane til samiske born for å «bevise» at dei var meir primitive og lågare ståande enn dei andre nordiske folkeslaga. Ofte opplevde borna å verte stilte opp, måla og fotograferte i denne rasistiske vitskåpens namn. Etter kvart vart denne praksisen gradvis fasa ut, men konsekvensane av den lev det samiske folket med til dags dato, mellom anna i form av at mange samar idag ikkje har tilgong på sitt eige språk og kultur.
Dei keramiske verka til Stöckel er kroppslege bærarar av si eiga identitet. Steingodsleira bular ut, vrenger og velter seg utover seg sjølv, og nektar å innfinne seg i å verte måla, eller reduserte til logiske tal, omkretsar eller idéar om ein riktig måte å vere kropp på. Som ein motsetnad til nasjonalstatanes insistering på konformitet, likheit og identitet som ein slags mal, inviterar arbeida hennar betraktaren til å verte bevisst på korleis blikket vårt kan nyttes som eit verkty for å anten understøtte denne tankegongen, men også som ein form for resistanse. I utstillinga møter vi dei individuelle verka stilt opp saman i ei omgjevnad som kan trekke assosiasjonar til skulefotografi, eller andre institusjonelle samanhangar. Gjennom si kollektive kraft utfordrar dei oss til å sjå, og å klare å verte ståande i effektane av våre eigne blikk.

Erika Stöckel (f.1989, Kiruna, Sverige) gjekk ut med ein Master i Fine Arts ved Kunsthøgskulen i Oslo i 2017. I 2019 stilla ho mellom anna ut ved Galleri Konstepidemin i Gøteborg, Norsk Billedhoggerforening i Oslo, Konstmuseum i Norr i Kiruna og Sven-Harrys Konstmuseum i Stockholm. Same år kjøpte Statens Konstråd og Göteborg Konst i Sverige inn kunstverk av ho.