Marte Johnslien
For å forstå kva jorda er sett saman av, lyt ein sanse seg fram til ho. Halde, lukte og plukke. Slå stein mot stein, føle vekta i handa, kjenne på motstand i materia. Vere open for å la materiale fortelje ein kva det er, og kva det moglegeins kan verte. I alkymien heiter det at alle stoff ber frø av si eiga motsetnad i seg, at det er ein kosmisk samanhang i at det kvitaste kvite kan finnast i den svartaste stein i den mørkaste jord. I 1910 patenterar ein mann produksjonsmetoden på eit pigment med det som framstår som eit endeløyst potensiale; titandioksid, istand til å dekke alle andre pigment, gjere det skinande kvitt, eit løfte om ei ljosare verd. Men framtidas potensiale forhandlar alltid med notidas konsekvens, og hundre år seinare har eit skinande industrieventyr fullt av framtidshåp ete opp enorme biter av eit 960 millionar år gamalt landskap.
Kva består ho eigentleg av, Gaea Norvegica, den norske jorda? Majestetiske fjelltoppar og djupe dalar, rullestein og kvikkleire, skifer og sølv. Alt ber eit frø av si eiga motsetnad i seg. Nokre gonger må potensiale vernast mot seg sjølv, forvaltast av dei som er opne for å la materiale fortelje kva det er, kor det har vore og kva det kan verte. Som kan søke, sanse og sanke, samle fragment og materiale frå jorda sjølv, og sette det inn i nye, kosmiske samanhanger.
I Gaea Norvegica utforskar og former Marte Johnslien titandioksidets historie og potensiale, med materiale samla på reisene hennar i høve forskningsprosjektet TiO2: The Materiality of White. Tittelen på utstillinga er eit nikk til vitskapsmannen Keilhaus si bok, kjend som den fyrste geologiske undersøkinga av Noreg. Materiala stammer alle frå norsk jord, på ulike vis. Rensa, studert og kombinert med kvarandre, let Johnslien det estetiske potensiale i materiale donert frå titandioksidindustrien møtast med former, skulpturarar og glasurar av leire henta frå jorda industrien er tufta på. Historia om den norske jorda er forteljinga om mystiske mineraler, forførande bergveggar og ein nasjons framvekst. Men det er også forteljinga om å omforme ho i jakta på profitt, å utvinne og foredle, om oppfinninga av eit lite pigment som endra fargen på ei heil verd. Heller enn å gå inn i etablerte hierarkiar, ynskjer Johnslien å gå inn i materiets opphav, og nærme seg sjølve kjerna – den brune jorda, kvitfargens mor. I arbeida hennar krystalliserar, smeltar og kravlar materiale ut og over seg sjølv, vert kjend med seg sjølv i nye former, møtast i sine eigne moglegheiter. Gravande, hamrande, leitande og søkande utfordrar Johnslien etablerte idear, og dannar nye samanhangar mellom eit materials potensiale, ein ung nasjons industrieventyr, mytologi, kjemi og makt.
Kunstnaren vil rette ei stor takk til rådgjevningsgruppa i TiO2: The Materiality of White, samansett av Ingrid Halland (UiB), Dalane Folkemuseum, Norsk Bergverksmuseum, Østfoldsmuseene og geolog Marte Kristine Tøgersen ved Titania AS. I tilknytting til forskningsprosjektet og utstillinga er stålkubar donerte av Metallco Fredrikstad, laboratorieutstyr av porselen er donert av Titania og jernsulfat som dannar krystallar i glasklokkene er gjeve prosjektet av Kronos Titan. Illmenittkulane er utlåna frå Dalane Folkemuseum. Den brune leira er sanka frå leireførekomsten som var byrjinga på Egersund Fayancefabikk – den kvite kaolinleira er skrapa ut frå ei fjellsida i Dalane. Alkymisymbola er inspirert av ornamentikken ved Titanias gamle gruveanlegg på Sandbekk, originalteikningar av desse er attfunne i Arkitektene Astrup og Hellern AS sine arkiv. Dei kvite kubane nytta i utstillinga er utlåna frå KRAFT. Ein stor takk for deling av material og verdifull informasjon går til Finn Nesvold, Leif Dybing, Pete Seglem, Spike Bucklow, Knut Natvik, June Stuen, Bess Grastveit, Olaug N. Økland, og Velferden ved Maiken Stene og Hans Edward Hammonds. Takk til assistent Julia Persson og partnar Ingrid Halland for det inspirerande samarbeidet. Produsert med stønad frå Program for kunstnerisk utviklingsarbeid/DIKU og Kunsthøgskolen i Oslo.
Marte Johnslien (f. 1977, Noreg) tok i 2020 doktorgrad i Kunstnarisk utviklingsarbeid og er fyrsteamenuensis i Keramisk kunst ved avdelinga Kunst og handverk på Kunsthøgskolen i Oslo. Ho leiar forskningsprosjektet TiO2: The Materiality of White (KhiO) og er deltakar i forskningsprosjektet TiO2: How Norway Made the World Whiter (UiB) som leias av samarbeidspartnaren hennar, arkitektur- og kunsthistorikar Ingrid Halland. Ho har hatt separatutstillingar ved mellom anna Lillehammer Kunstmuseum, Henie Onstad Kunstsenter og Galleri Riis. I 2012 mottok ho Einar Granums Kunstpris. Arbeida hennar er kjøpt inn av mellom anna Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design, KODE og Sørlandets Kunstmuseum. Johnslien er representert av Galleri Riis i Oslo og FOLD i London.