Martin Woll Godal
Kva må til for at vi skal kjenne oss trygge? Store, opne plassar vi kan late blikket skli over, plassar som gjev oss tid og rom til å kunne flykte ved det minste teikn til fare? Eller små holrom som vi kan krype inn i, late oss omslutte og skjule av til faren går over? Form fylgjer funksjon slik behovet for tryggleik fylgjer menneska. Men både behov og form er lunefulle og tvetydige, i stand til å skifte ham og verte sin eigen motsetnad før ein rekk blunke.
I Kapsel inviterer Martin Woll Godal til eit møte i Hvelvet mellom kropp, rom og form kor det tvetydige får vekse fram. Med utgangspunkt i byggaks, dreier han uthola former i porselen på omlag 40 centimeters lengder. Det keramiske volumet – tomrommet i eit objekt som er det naudsynte luftrommet for å tole påkjenninga ved brenning – speglast av arkitekturen til Hvelvet, meint som beskyttande rom, ein kapsel mot omverda. Korleis planleggje for framtida, danne strukturar som sikrar at vi og dei som kjem etter oss er trygge? Er det monumentale bygg som skal til, som Frøkvelven på Svalbard, sjølv kapsla inn av permafrost og ope hav, langt vekke frå kontinentale krigar og knusktørre, døyande landskap? Å samle, smugle og sanke all verdas kornsortar i håp om ei framtid som byr på nye jordsmonn, ei opa verd å tre ut i. Det er noko innstendig ved ein kvelv. Eit rom som eksisterar kun for å halde på andre ting, bevare og beskytte det som til eikvar tid har mest verdi i eit samfunn. Med kva material bygger ein for æva? Kva material er det motsette av skjørt, av sårbart og fragilt, av tynne hinner av porselen, klare til å sprekke og knuse ved den minste vibrasjon?
Å repetere er å anerkjenne, å ville noko inn i verda. Forankre det og halde fast ved det, insistere på at det har ein verdi og ei meining i verda. Det seiest at å repetere noko om att og om att og forvente eit nytt resultat er definisjonen på galskap. Men galskap er flyktig, bunde i tid og i sinn, medan repetisjon held fram med å repetere seg sjølv, verte ei rytme som strekkjer seg gjennom tid og rom, lik kvelv som hyser gull eller grisar eller korn eller porselen, alt etter utviklinga av menneskas idé om kva ordet verdi betyr. Kan hende ein riktigare definisjon av galskap er å late trua på tryggleik stivne, kapslast inn i tankar om at samsvaret mellom behov og material kan vare evig. At produksjon og handel over landegrenser er stabile, uaffiserte av potensial for kontinentale krigar. At permafrosten for evig vil ligge som eit kaldt teppe over landskap, aldri tine eller smelte om til vatn piplande gjennom monumentale bygg som hyser all verdas håp om mat til framtidas menneske. Kva er sikrare enn ein kvelv? Ei tung dør vert lukka og let menneskas verdi skalkast inne i vern mot ei ytre, lunefull verd. Ei tung dør vert lukka, og kanskje stenger ho med det verdiens potensial inne, og let den ytre, tvetydige verdas rytme kjempe åleine for seg sjølv.
Martin Woll Godal (f.1982, Noreg) tok mastergrad i kunst ved Kunst– og Designhøgskulen i Bergen i 2007. Han har tidlegare stilt ut ved mellom anna Søgne Gamle Prestegård, Uppsala Konstmuseum, New Nordic Porcelain Network, samt fleire av årsutstillingane for Norsk Kunsthandverk. Arbeida hans er innkjøpte av Kunstsilo i Kristiansand, Nasjonalmuseet i Oslo og Uppsala Konstmuseum. I 2022 vart han tildelt 10-årig arbeidsstipend frå Statens Kunstnarstipend.