Hopp til hovedinnhold

Tim Parry-
Williams

<p>Deltaljbilde av en duk med innvevd bestikk og tallerken</p>

Kven av oss kjem til dekka bord? Kor bestikk og verkty har vorte lagt fram, nøysamt valt ut og klargjort for oss å nytte etter eige forgodtbefinnande? Gjennom menneskeheitas historie har det å samlast kring bord spelt ei så stor rolle i utviklinga av kultur og verdiar at ein vanskeleg kan sjå for seg eit viktigare ritual. Det er kring bordet vi samlast for å løyse uoverensstemder, kor forteljingar vert delt på tvers av generasjonar, kor land har vorte delt som om det var kakestykke, kor familiar har vorte attforeina og dela vitsar og drøymer. Staden for ytterpunkt, gode som dårlege, latter og tårer, glede og sorg. Per definisjon er eit bord heva over bakken, og dermed vert eit hierarki sett. Kven av oss vert lyfta, og kven er det som dekkar bordet?

I Dinner Service undersøker Tim Parry-Williams verdiar, tradisjon, arv og material. Ved å handveve digitalt damask av ubleika lin, ein fibertype som har vore av stor kulturell betydning i europeisk tekstilhistorie, trer Parry-Williams inn i materialkunnskap kultivert gjennom generasjonar og på tvers av geografi. Linet kjem frå den siste beholdninga spunnen ved Andrews Combers Mill i Nord-Irland, og markerer dermed det siste produktet i ei lang historie med produksjon blant arbeidarklassen. Ved å nytte linet som fundament i bordduken, vev Parry-Williams inn fat, bestikk og servise, og koplar slik saman ein felleshistorie knytt til tekstil, industri og klasse. Ein invitasjon til å samlast, reflektere og diskutere tyngda og viktigheita av ritual, teknikkar og material som både skil og foreiner oss – kva for verdisystem kviler arva vår på, og korleis har dei endra og transformert seg vidare inn i verdiane vi held i dag?

Tim Parry-Williams (f. 1974, UK) har ein mastergrad i kunst og design med vekt på tekstil frå Surrey institutt for kunst og design ved University College frå 1998, og har arbeidd som professor i tekstil ved Fakultetet for Kunst, musikk og design ved Universitetet i Bergen sidan 2019. I 2022 vart hans kunstnariske forskingsprosjekt Beyond Heritage: Material Making Meaning tildela støtte frå det norske programmet for kunstnarisk utviklingsarbeid, samt støtte frå EEA Norway Lichtenstein for det kunstnariske forskingsprosjektet Interweaving Structures: Fabric as Material, Method and Message. Parry-Williams sine arbeid har vorte stilt ut ved mellom anna Ruskin Mill i Nailsworth, Japan Folkekunstmuseum i Tokyo, Crafts Study Centre og Museum in the Park i Storbritannia. Han har arbeidd med og i ei lang rekkje styrer, akademiske publikasjonar og institusjonar, og arbeida hans har vorte innkjøpt av Crafts Study Center i England og Universitetet i Dundee i Skottland.