Guttorm Glomsås

Don't Worry, You Don't Have to Be Happy – Guttorm Glomsås

Det ryktes at det er ei fiksert mengde energi i universet. At det er som eit slags spøkelse som hopper frå det eine til det andre, endrar form og uttrykk, men til saman alltid er ein konstant. Ingenting kan tilføyes, ingenting kan trekkes frå. Energien kan berre konserveres midlertidig, ikkje verte laga eller destruert. Når den overfører seg frå ein ting til den andre forsvinn noko av energien i ein sky av damp, stig opp i atmosfæra, ventar og speider etter neste ting å slå rot i. Som svetta frå hud som fordampar, kryp ut or porene og legg seg som ei tåkete hinne på spegelen, før det sakte renn ned i avlaupet og ut i havet. Også betong har porer; rue fordjupningar i overflata kor fordampa væske kan slå seg ned og ta rot. Energien har flytta seg nok ein gong, teke ny form, respondert på seg sjølv. Samanhangen mellom energi, varme og arbeid. 

Det ryktes at ingenting skjer i eit vakuum. Ingenting seier noko berre om seg sjølv. Men også ingenting er ei intensitet som relaterar seg til det som er rundt. På ei øy utanfor Bergen støyper ein kunstnar ein fot i betong, i ein korridor på motsett sida av verda kviskrar økonomar om evig vekst, i ei hole ingen menneskeauge enda har sett veks spisse formasjonar av dryppande kalk frå taket. Årsak og handling, energi og historie som flytter seg, vert noko anna og nytt. I eit lokale laga for å konservere, for å forhindre verdiar frå å fordampe, trekkes kalsiumacetat opp av svivande hender, føter og hovud i betong. Kalsiumacetat er kjærleiksbornet avla i møte mellom kalsium frå sementen i betongen og eddiksyre. Når desse møtes, bryt dei andre stoffa opp, og betongen forvitrar. Vatnet i eddiksyra fordampar, kalsiumacetatet vert fødd og felles ut, krystalliserar seg og dannar ei beskyttande hinne kring betongen som avla det. Av energi er du komen, av energi skal du bli. 

Det ryktes at ordet entropi er eit kodeord for kaos. Eit ord ein kan putte på situasjonar utanfor menneskeleg kontroll. Som ti tusen kaniner, løpande over eit jorde. I røynda er entropi berre ordet ein putter på forløysinga; augneblinken døra på buret opnes og kaninene endeleg kan hoppe fri. Ti tusen posisjonar energien kan plassere seg sjølv. Varmt, kaldt eller lunka. Fast, flytande, gass. Varme er aldri fast på eigenhand. Flytande, rennande, dampande, stigande er han alltid i rørsle, på arbeid, på jakt etter noko kaldt å slå seg saman med, finne ro og form med. I ei utopisk verd kjem varme, energi og arbeid saman, dannar ein struktur og krystalliserar. Entropi verdi 0. Av og til skjer det motsette, det kalde vert for kaldt, det varme for varmt. Isbitar går ned i vatnglaset, lik som Titanic, for aldri å bli sett igjen. Don’t worry, you don’t have to be happy.

Guttorm Glomsås (f. 1993, Fredrikstad, Noreg) har ein mastergrad i kunst frå Kungliga Kunsthögskolan i Stockholm frå 2019. Dei siste åra har han hatt separatutstillingar på Galleri Toll og Galleri Mejan i Stockholm, samt Galleri Snerk i Tromsø og Galleri Fisk i Bergen. Han har også delteke i ei rekkje gruppeutstillingar, mellom anna på After School Special i Bergen. 
Nordland fylkeskommune har innkjøpt arbeid av han.