Magdalena Kotkowska
Ei byrjing er alltid meir enn seg sjølv. Den peikar på ei fortsetjing, å verte meir, falde seg ut og ta plass i tid og rom. Testar seg sjølv ut og eksperimenterer med form, prøver ting på og tek dei av att. I livmora har alle menneske på eit tidspunkt ein hale. Eit bein som utgjer ein femtedel av kroppslengda. Vi ligg der, ristar og leikar med halen ei stund, før vi vel den vekk for å verte halelause dyr. Er lemlesting alltid valdeleg? Eller kan det vere ei kjærleikserklæring, ei handling av omsut kor vi med omhug vel beina våre vekk til å verte del av andre byrjingar, andre historier?
Byrjingar og endingar er del av same lukka sirkel, konstant bitande i kvarandres halar. Som ein haug av bein der det ikkje lenger gjev meining å vite kva som byrjar og sluttar kor. I mytologiar vert det leika med sjølve fundementa verda er tufta på; born vert fødde ut or pannebrasken åt far sin, skallar vert om til sjølve himmelen, tomlar til selar i havet. Gjennom historieforteljing kan ibuande potensial i materialar verke endelaust. Som i ein konstant fluks; stigande i ei form for så å sakte svinne bort og verte ei anna.
I Foreign Body rører Magdalena Kotkowska seg i rommet som ligg mellom. Mellom å gjere og ha ugjort, materie og ikkje-materie, byrjingar og endingar, undersøker ho materialets potensiale. Ho kjærteiknar og skadar, brenn og hamrar, utforskar kva som kan verte nytt, noko anna. Ho utset store metallstenger for kjemiske og fysiske prosessar for å sjå korleis dei reagerar med einannan og verda. I naturen er heile livsformer dediserte til å ta rotnande komponentar og transportere og omforme dei til nye byrjingar, tolkarar mellom det som har vore og det som skal kome. I Foreign Body vert Kotkowska sjølv ein tolk, ein bodbringar og byggjar, som omgjer Hvelvet til ei hole som rommar historier i dvale, i si spede byrjing, eller som sakte går mot ein slutt.
Magdalena Kotkowska (f. 1984, Polen) tok mastergrad ved linja for medium- og materialbasert kunst på Kunsthøgskulen i Oslo, og har også ein mastergrad i kunsthistorie frå Universitetet i Wroclaw. Ho har tidlegare stilt ut på Kunstnerforbundet i Oslo, KRAFT i Bergen, Kunsthall Grenland i Porsgrunn og Museum for Samtidskunst i Wroclaw, Polen.