Hopp til hovedinnhold

Signe Halle

Kontroll og tilfeldighet – Signe Halle

Fargar er aldri berre seg sjølve. Dei er bylgjer av ljos som treffer overflater og material, partiklar og molekyl, og som vert fanga opp av tappar i retinaen i auga våre. Såleis opplever vi fargar like mykje som vi ser dei, som ein utskilt del av det som ber fargen med seg, avhengig av avstand, kontekst, taktilitet og ljos. Kan hende er det difor ikkje så rart at menneska tidleg interesserte seg for korleis dei kunne setje farge til tekstil, slik at dei sjølve kunne late kroppane sine verte ein del av opplevinga, omfamnast og oppslukast av dei. 

Kontroll og tilfeldighet let Signe Halle tekstil og fargar møtast. Ved å nytte den gamle, tradisjonelle japanske fargeteknikken itajime shibori, brettar og folder ho tekstil av silke, klemmer det saman mellom to like sjablonger med eit geometrisk ornament, før ho senkar det i fargebad. I møte med flytande farge syg fibrane den til seg, og fargane fester seg der dei kan. Dermed kan det som framstår som ein streng, kontrollert prosess av systematisk bretting, opne for at fargane finn sine eigne rømningsvegar og får eit rom kor det overraskande kan oppstå. Slik vert dialogen mellom kunstnar, prosess og materiale aldri stilleståande, men evnar å opne opp for nye koplingar og møte mellom fargar og tekstil.

Den totale visuelle opplevinga Halle maner fram, er prega av korleis fargane møtest med dei transparente kvalitetane til silka ho nyttar. Heller enn å kapsle tekstila inn som eit berande element for fargen, vert dei gjensidig forsterkande for kvarandre. Bretteteknikken fører til at flata får ei oppbyggjing i form av eit rutenett. I somme av verka vert dette utgangspunkt for ei vidare oppbygging og utforsking med nål og tråd, som fører til organiske og skulpturelle kvalitetar. 

Signe Halle (f. 1955, Noreg) tok diplom ved avdelinga for tekstil ved Statens Høgskule for Kunsthåndverk og Design i Bergen i 1987. Ho har tidlegare stilt ut ved mellom anna Kunstbanken i Hamar, Kunstnerforbundet i Oslo og Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum i Trondheim. Arbeida hennar er kjøpt inn av KODE, Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design og Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum. Ho har tidlegare arbeidd som verksmeister for fagområdet tekstil ved Fakultetet for kunst, musikk og design ved Universitetet i Bergen.