Tovelise Røkke-Olsen, Julia K. Persson, Lisa Rytterlund, Anders Hald, Hedda Roterud Amundsen, Æsa Björk, Linda Sormin
Går det an å få til ei utstilling som både tek kunsten på største alvor, men samstundes problematiserer og får oss til å le av oss sjølve? Få felt kan seiast å vere så prega av flosklar som kunstfeltet, anten det gjeld måtar det vert sett og opplevd på frå utsida, eller om det gjeld sjølvoppfyllande profeti frå innsida. Dei aller fleste har ei førestilling om ei utstillingsopning; velkledde direktørar held staselege talar med store ord for eit minglande publikum som med glaset i handa observerer, sirkulerer og snakkar. Men kor mykje av dette er røynd, kor mykje er førestilling? Kor kaotisk er det eigentleg under overflata om vi skrapar litt i ho? Det er mange timer hardt og usynleg arbeid som går med til å lage kunst og utstillingar, noko som kan kjennast utakksamt i møte med eit publikum som kun ser det ferdige, polerte resultatet. Samstundes er det ikkje til å kome forbi at når flosklar rir feltet som ei mare, har også desse oppstått av ein grunn.
KRAFT er glade for å ynskje velkomen til gruppeutstillinga Førvisningen, eit eksperimentelt, tverrfagleg samarbeid med forfattar Ruth Lillegraven og elevar frå dramalinja ved Fyllingsdalen vidaregåande skule. Utstillinga syner kunstverk av sju kunstnarar og er kuratert av Kira van Hoegee og Heidi Bjørgan. Førvisningen tek form som eit skodespel, der publikum vert invitert inn til eit sjeldant gløtt på ei utstilling der ting har gått litt skeis. Eit nikk til det store, usynlege arbeidet som ligg bak å lage kunst og utstillingar, men også ironiserande over roller som institusjon, kurator og direktør. Førvisningen er eit samarbeid, eit skodespel, ei utstilling og ein kommentar til etablerte sanningar. Det er verkeleg, men fiktivt - metaforisk, men reelt - seriøst, men sarkastisk. Eit prosjekt der mange trådar fører inn i ein gordisk knute, der problemet er poenget. Velkomen til ei utstilling der alle veit noko, men ingen veit alt.
Ting billett her
OBS: Oppmøte ved jernporten til KRAFT i Bankgata. Førestillinga varar i omlag 20 minutt.
Dato og tidspunkt for forestillingen:
Lørdag 19/10: 12:00, 14:00
Søndag 20/10: 12:00, 14:00
Tirsdag 22/10: 11:00, 12:00, 14:30
Torsdag 24/10: 17:00, 18.30
Lørdag 26/10: 12:00, 14:00
Søndag 27/10: 12:00, 14:00
Tirsdag 29/10: 10:30, 12:00, 14:00
Onsdag 30/10: 17:00, 18.30
Lørdag 2/11: 12:00, 14:00
Søndag 3/11: 12:00, 14:00
Utstillinga er støtta av Balansekunst.
Anders Hald (f. 1991, Danmark) tok i 2024 mastergrad i medium og materialbasert kunst ved Kunsthøgskolen i Oslo. I 2021–23 var han representert av Galerie Moderne Silkeborg og samarbeider idag med Jacob Bjorn Gallery i Århus, Danmark. Hald hadde si fyrste separatutstilling i 2023 ved SKOG Art Space i Oslo. I 2024 ferdigstilte han sitt fyrste kunstverk i offentleg rom for Kalundborg kommune i Danmark.
Hedda Roterud Amundsen (f. 1989, Noreg) tok i 2012 bachelorgrad i bildekunst ved LASALLE College of the Arts i Singapore, og i 2014 mastergrad i bildekunst ved Kunsthøgskolen i Oslo. Dei siste åra har ho stilt ut ved mellom anna Bærum Kunsthall, Høstutstillingen, Hamar Kunstforening og Galleri Fjordheim. Roterud Amundsen har gjeve ut fleire kunstnarbøker, gjennomført fleire performative verk og driv det nomadiske syningskonseptet Heddas salong.
Julia K. Persson (f. 1992, Sverige) tok i 2022 mastergrad i keramikk ved Kunsthøgskolen i Oslo. Ho har stilt ut mellom anna ved QB Galleri, Rackstadmuseet, Höganäs konsthall, Velferden Sokndals Scene for Samtidskunst, ROM for kunst og arkitektur, Kunstnerforbundet og SKOG Art Space.
Linda Sormin (f. 1971, Canada) tok i 2003 mastergrad i kunst avd. keramikk ved New York State College of Ceramics ved Alfred University. Ho har stilt ut ved mellom anna Museum of Fine Arts Boston, Smithsonian American Art Museum, Renwick Gallery, Peach Corner Gallery, Patricia Sweetow Gallery, CLAY Museum of Ceramic Art og Wuchangshuo Memorial Hall. Verka hennar er kjøpt inn av mellom anna Renwick Gallery, Smithsonian Museum of American Art, One Vanderbilt Art Collection, TD Bank, Royal Bank of Canada og Arizona State University Museum. Sidan 2019 har Sormin vore tilsett som professor ved Studio Art, New York University.
Lisa Rytterlund (f. 1988, Sverige) held for tida på å ta mastergrad i kunst ved Fakultet for Kunst, musikk og design ved Universitetet i Bergen. Ho har stilt ut mellom anna ved Mikey Laundry Art Garden, Bergen Kjøtt, Knipsu og Galleri Sorgenfri. I perioda 2021–24 arbeidde ho som teknisk assistent ved den keramiske verkstaden ved Fakultetet for Kunst, musikk og design ved Universitetet i Bergen.
Tovelise Røkke-Olsen (f. 1959, Noreg) er utdanna frå Statens Håndverk- og kunstindustriskole i Oslo (1985–88) og Statens Høgskole for kunsthåndverk og design i Bergen (1984–85). Røkke-Olsen har stilt ut ved mellom anna Trøndelag senter for samtidskunst, Kunstnerforbundet, RAM galleri og Saatchi Gallery. Verka hennar er kjøpt inn av mellom anna Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum, Den Norske Ambassade i Berlin, Reykjavik og Hong Kong, Kunstindustrimuseet i Oslo og Vestlandske Kunstindustrimuseum i Bergen. I 1993 vart ho tildelt Kunsthåndverksprisen.
Æsa Björk (f. 1970, Island) tok i 1997 mastergrad i glas ved Edinburgh College of Art. Ho har stilt ut ved mellom anna Whitestone Gallery, Kunstbanken Hamar, BWA Wroclaw Glowny Gallery, Vestlandsutstillinga, Vevringutstillinga og Norske kunsthåndverkere si årsutstilling. I 2022 mottok Björk fyrste plass i Coburger Glaspreis. Ho har utført kunst i offentleg rom for Åsaheimen sykehjem i samarbeid med Susanne Irene Fjørtoft og ved den Historiske Parken i Lednicke Rovne, Slovakia. I 2007 var ho med å etablere S12 Galleri og Verkstad i Bergen, der ho i dag fungerer som kunstnarisk rådgjevar.
Is it possible to create an exhibition that both takes art seriously and, at the same time, questions it and makes us laugh at ourselves? Few fields are as cliché-filled as the art world, whether in terms of how it is viewed and experienced from the outside or the self-fulfilling prophecies made within it. Most people have a preconceived notion of an exhibition opening: well-dressed directors giving lofty-worded grand speeches to an audience that is mingling, observing, circulating, and conversing, glass in hand. But how much of this is real and how much is mere performance? How chaotic is it beneath this surface if we scratch at it a little? Many hours of hard, invisible work go into creating art and exhibitions, which can feel thankless when faced with an audience that only sees the polished, finished result. At the same time, there is no denying that when clichés plague the field like a nightmare, they exist for a reason.
KRAFT is pleased to welcome you to the group exhibition Førvisningen, an experimental, interdisciplinary collaboration with author Ruth Lillegraven and students from the drama department at Fyllingsdalen High School. The exhibition features works by seven artists and is curated by Kira van Hoegee and Heidi Bjørgan. Førvisningen takes the form of a play, where the audience is invited to see a rare glimpse of an exhibition where things have gone slightly awry. It’s a nod to the vast, invisible work behind the creation of art and exhibitions, but also an ironic take on roles such as institution, curator, and director. Førvisningen is a collaboration, a play, an exhibition, and a commentary on established truths. It is real, but fictional—metaphorical, but tangible—serious, but sarcastic. A project where many threads lead into a Gordian knot, where the problem is the point. Welcome to an exhibition where everyone knows something, but no one knows everything.
Book ticket here. (The play will be held in Norwegian)
OBS: enter by the irongate leading to KRAFT from Bankgaten.
Date and time for the play:
Saturday 19/10: 12:00, 14:00
Sunday 20/10: 12:00, 14:00
Tuesday 22/10: 11:00, 12:00, 14:30
Thursday 24/10: 17:00, 18.30
Saturday 26/10: 12:00, 14:00
Sunday 27/10: 12:00, 14:00
Tuesday 29/10: 10:30, 12:00, 14:00
Wednesday 30/10: 17:00, 18.30
Saturday 2/11: 12:00, 14:00
Sunday 3/11: 12:00, 14:00
The exhibition is kindly supported by Balansekunst.
Anders Hald (b. 1991, Denmark) earned a master’s degree in medium and material-based art at the Oslo National Academy of the Arts in 2024. From 2021 to 2023, he was represented by Galerie Moderne Silkeborg and is currently working with Jacob Bjorn Gallery in Aarhus, Denmark. Hald held his first solo exhibition in 2023 at SKOG Art Space in Oslo. In 2024, he completed his first public artwork for Kalundborg Municipality in Denmark.
Hedda Roterud Amundsen (b. 1989, Norway) received a bachelor’s degree in fine arts from LASALLE College of the Arts, Singapore, in 2012 and a master’s degree in fine arts from the Oslo National Academy of the Arts in 2014. Recently, she has exhibited at, among others, Bærum Kunsthall, Høstutstillingen, Hamar Kunstforening, and Galleri Fjordheim. Roterud Amundsen has published several artist books, completed several performative works, and runs the nomadic exhibition concept "Hedda's Salon."
Julia K. Persson (b. 1992, Sweden) earned a master’s degree in ceramics from the Oslo National Academy of the Arts in 2022. She has exhibited at venues including QB Gallery, Rackstad Museum, Höganäs Konsthall, Velferden Sokndal's Scene for Contemporary Art, ROM for Art and Architecture, Kunstnerforbundet, and SKOG Art Space.
Linda Sormin (b. 1971, Canada) earned her master’s degree in ceramics at the New York State College of Ceramics at Alfred University in 2003. She has exhibited at venues including the Museum of Fine Arts Boston, the Smithsonian American Art Museum, Renwick Gallery, Peach Corner Gallery, Patricia Sweetow Gallery, CLAY Museum of Ceramic Art, and Wuchangshuo Memorial Hall. Her works have been acquired by, among others, Renwick Gallery, Smithsonian American Art Museum, One Vanderbilt Art Collection, TD Bank, Royal Bank of Canada, and Arizona State University Museum. Since 2019, Sormin has been a professor at the Studio Art department of New York University.
Lisa Rytterlund (b. 1988, Sweden) is currently pursuing a master’s degree in fine arts at the Faculty of Fine Art, Music and Design at the University of Bergen. She has exhibited at venues including Mikey Laundry Art Garden, Bergen Kjøtt, Knipsu, and Galleri Sorgenfri. Between 2021 and 2024, she worked as a technical assistant in the ceramics workshop at the Faculty of Fine Art, Music and Design at the University of Bergen.
Tovelise Røkke-Olsen (b. 1959, Norway) was educated at the Norwegian National Academy of Craft and Art Industry in Oslo (1985–88) and at the National College of Art and Design in Bergen (1984–85). Røkke-Olsen has exhibited at venues including Trøndelag Centre for Contemporary Art, Kunstnerforbundet, RAM Gallery, and Saatchi Gallery. Her works have been acquired by, among others, Nordenfjeldske Museum of Decorative Arts, the Norwegian Embassies in Berlin, Reykjavik, and Hong Kong, the Museum of Decorative Arts in Oslo, and the West Norway Museum of Decorative Art in Bergen. In 1993, she was awarded the Norwegian Craft Prize.
Æsa Björk (b. 1970, Iceland) earned her master’s degree in glass at the Edinburgh College of Art in 1997. She has exhibited at venues including Whitestone Gallery, Kunstbanken Hamar, BWA Wroclaw Glowny Gallery, Vestlandsutstillingen, Vevringutstillingen, and the annual exhibition of Norske Kunsthåndverkere. In 2022, Björk won first place in the Coburg Glass Prize. She has completed public art projects for Åsaheimen Nursing Home in collaboration with Susanne Irene Fjørtoft and for the Historic Park in Lednicke Rovne, Slovakia. In 2007, she co-founded S12 Gallery and Workshop in Bergen, where she currently serves as an artistic advisor.