Bente Bøyesen

Ein ny sesong har med seg ein lovnad om at noko skal skje, om endring i vente. Somme tider er dette målbart, noko ein kan kvantifisere i mengde og frekvens basert på forventning og tidlegare erfaring. Andre gonger er det som kjenneteikner ein ny sesong ei vag kjensle av at noko nytt og ukjent er i ferd med å ta form. At om ein berre opnar seg, stiller seg til disposisjon for verda, vil nye klangar sleppe til og det ukjende kome ein i møte.
I Ny sesong av Bente Bøyesen vert vi inviterte inn i ei utstilling som balanserer det nye og ukjende med kunnskap og erfaring. I fleire tiår har Bøyesen arbeidd med maleriet – organisert flater med farge, komposisjon, taktilitet og rytme. Ved å fordjupe seg i rørsle, lukt og tekstur har ho heller enn å framstille konkrete representasjonar latt materialitet vise veg; stilt seg open for det som måtte kome, trekt maleriet ut i rommet. Bøyesen maler med olje på jute, eit naturfiber som for mange er kjent som strie når den er vevd saman. Jute er sameleis som hamp ofte nytta for å etterlikne gras og planter, ei treffande materialhistorie for Bøyesen som er vel så oppteken av å dyrke fram og eksperimentere med det som gror i jorda, som ho er av maleriet. På mange måter har lerretet og jordbotnen mykje til felles; dei er begge flater som opnar opp for at det uventa kan spire fram, det gode med det vonde, det overraskande i eit tilsynelatande kontrollert kaos. I arbeidet med å trekke maleriet ut frå veggen, eksperimenterer Bøyesen med kombinasjonar av jute og gips. Juta styrker gipsen og mogleggjer skulpturelle former og uttrykk. Samstundes er gips et krevjande material å formgje, ikkje rausare enn at ein får tildelt dei få minutta det tek frå den er flytande til stivna i fast form. Lik sesongane knytt til jorda, har ikkje alle prosessar rom for å dvele, men fordrar at ein stiller seg open, til disposisjon. Gips vert rent ut over ei bøygd plate, ei form oppstår, eit moglegheitsrom for assosiasjonar i rørsle; ein ny sesong der alt både er og kan bli til samstundes, og nye klangar slepp til.
Bente Bøyesen (f. 1967, Noreg) er utdanna ved avdelinga for maler ved Kunsthøgskolen i Oslo / Statens Kunstakademi åra 1991–95, avdelinga for farge ved Kunsthøgskolen i Oslo / Statens Håndverks og Kunstindustriskole åra 1987–91, metallavdelinga ved Voss Kunsthandverksskule i 1986–87. Ho har også ei utdanning innan Biodynamisk trädgårdsutbildning frå Järna i Sverige, 2012–16. Den siste store utstillinga hennar var De fysiske tinga på Kunstnerforbundet i 2022. Elles har ho stilt ut ei rekke gonger, bland anna Frukt og mennesket ved KGG, Kolbotn Garasjegalleri og House and garden med jord under neglene ved H//O//F Moss.
A new season carries with it the promise that something is about to happen—a change is on the horizon. Sometimes this is measurable: quantifiable in amount and frequency, based on expectations and past experience. At other times, what defines a new season is a vague sense that something new and unknown is beginning to take shape – that if one simply opens up, making oneself available to the world, new resonances will emerge and the unknown will come into view.
In New Season by Bente Bøyesen, we are invited into an exhibition that balances the new and the unknown with knowledge and experience. For decades, Bøyesen has worked with painting— with organized surfaces of color, composition, tactility, and rhythm. By immersing herself in movement, scent, and texture, she has allowed materiality to lead the way rather than depicting concrete representations. She has remained open to what may come, drawing the painting into space. Bøyesen paints with oil on jute, a natural fiber known to many as burlap when woven. Like hemp, jute is often used to imitate grass and plants—a fitting material history for Bøyesen, who is as engaged in cultivating and experimenting with what grows from the soil as she is in painting. In many ways, the canvas and the soil have much in common: both are surfaces that invite the unexpected to take root, where the good can emerge with the bad, and surprise arises from an apparently controlled chaos. In an effort to bring painting off the wall, Bøyesen experiments with combinations of jute and plaster. The jute reinforces the plaster, enabling sculptural forms and expressions. At the same time, plaster is a demanding material to shape, generous only in the brief moments between being liquid and setting into solid form. Like the earthbound seasons, not all processes allow for lingering – they require openness and presence. The plaster is poured over a curved plate, a form takes shape, a space of possibilities for associations in motion, a new season in which everything simultaneously both is and can become, in which new sounds can resound.
Bente Bøyesen (b. 1967, Norway) was educated in the painting department at the Oslo National Academy of the Arts / Norwegian National Academy of Fine Arts from 1991–95; the color department at the Oslo National Academy of the Arts / Norwegian National Academy of Craft and Art Industry from 1987–91; and the metal department at Voss School of Art and Craft in 1986–87. She also holds a degree in Biodynamic Gardening from Järna, Sweden (2012–16). Her most recent major exhibition was De fysiske tinga [Physical Things] at Kunstnerforbundet in 2022. She has exhibited widely, including Fruit and the Human at KGG, Kolbotn Garage Gallery and House & Garden med jord under neglene [House & Garden with Soil Under the Nails] at H//O//F Moss.