Audun Jansen Haga
Finst det noko meir fascinerande og frykteleg enn barndom? Ei tid i livet ute av proporsjonar, der alt er ei potensiell sletta av uendeleg fantasi og transformasjon. Eit barn plukkar opp ein ball frå bakken, tenkjer han om til eit egg i handa og kakkar det mot kvardagens harde kant. Ut renn all verdas assosiasjonar, flyktige som fugletrekk over himmelkvelvinga. Etterkvart som tida går stivnar fantasien og leiken til, dei opne vindauga vert lukka med usynleg glas, livsfarlege for fuglane. Då lengtar menneska tilbake, nostalgiske over si evne til fryd og førestilling. Til det vakre og uskuldsreine, der kvar ting romma verdnar, der ein tråd var ein slange var eit tau var ei livsline, for eit heilt skipsforlis på veg mot ei mystisk øy. Men barndommens fantasi er også dette; kuler og krutt, skyting og krig. Nådelause hierarki, vondskapens teikn skribla på skulebenken. Ei dragning mot valdens forføring, utan evne til å ramme det inn med realitet, forstå kva det eigentleg er. Slik liknar menneskas born på himmelens rovfuglar – både majestetiske i si friheit, og tidvis grusame i si oppførsel.
I Haukene av Audun Jansen Haga møter vi dette mellomsjiktet av nostalgi og brutalitet. Ved å hente inspirasjon frå ting som prega og fascinerte han som barn – verdsrommet, kinaputter, vulkanutbrot, tøffe dyr, krig og våpen – leiker han som vaksen vidare i eit rom der material fylgjer assosiasjon. Keramiske skulpturar formast slik ting faktisk er, men likevel fritt; ei slags stram slurving som både er intensjonell og tilgjevande. Her finn vi bomber og egg, fliser og mekaniske deler, men mest av alt – fuglar. Fleire av arbeida er muffelbrende, ein måte å handsame keramikken på ved å lage ei øskje i leire, for deretter brenne verket inni eller oppå øskja, saman med brennbart organisk material. Det organiske materialet brenn opp og vert til aske som dannar glasur i kontakt med leira. Prosessen er uføreseieleg, den minste variasjon i kvar verket er plassert eller kva organisk material det har ved si side, speler inn på det ferdige resultatet. Som regel vert fargane i eit spekter av kvitt, grått, svart, beige, brunt og raudleg. Dei mufla verka kan stå fram som svært brende, og trekke assosiasjonar til noko eldgamalt og vêrbitt; noko gløymd funne på havets botn, arkeologiske undersøkingar eller mysterier frosne i tid som Pompeii. Slik reflekterar også material og prosess barndomens undring og tankanes flukt, held fram med å vere opne vindauge som fantasien kan ta sats frå og fly gjennom.
Audun Jansen Haga (1992, Noreg) tok i 2022 bachelorgrad i materialbasert kunst med fordjupning i keramikk ved Kunsthøgskolen i Oslo, og har svennebrev i keramikerfaget frå Anita Holmøyvik keramikk i 2019, samt fagbrev i glashandverkarfaget frå Glashytta i Setesdal. Han har stilt ut ved mellom anna Galleri Salgshallen, Bomuldsfabriken kunsthall, Trafo Kunsthall Asker og Drøbak Kunstforening. I 2022 var han verksmeistervikar ved avdelinga for keramikk ved Kunsthøgskolen i Oslo.