Hopp til hovedinnhold

Tove Kommedal

Hommage – Tove Kommedal

Tida har ein merkeleg tendens til å ta tak i det vi trur vi kjenner, elte og kna det, for så å spytte det ut i omvendt fortegn. På slutten av 1800-talet kjem eit dyr til det kalde landet mot nord, med lovnad om varme, stil og industri. Minken høyrer heime i Canada og USA, men vert no, grunna sitt smidige og sterke skinn, mjuke, kraftige hårlag og flotte fargar, ført til Vestlandet for å drive pelsoppdrett. Over fleire tiår vert det eit lønsamt eventyr for menneska; pengar skifter hender, vakre kåper av pels knogast tett mot kroppar. I det løynde formerar rømde mink seg, og breier seg ut over heile det langstrakte land – ved 1990-talet har han også fast bustad også i Finnmark, til skrekk og terror for lokalt fugleliv. Minken er både vakker og kløktig, slangeaktig og kattete. Men, så var det dette med tida. For i takt med nye materialar til å halde kulda ute, og nye sedlar i nye hender, byrjar også nye tankar å spire. For er ho ikkje ofseleg mot dyra, denne næringa? Held ho ikkje ville dyr til fange, tek frå dei evna og moglegheiten til å leve ut sin indre natur? I 2025 er det vedtatt; ein næringsæra må takke for seg.

Hommage av Tove Kommedal møter vi eit takkebrev skriven i pels. For sjølv om tida har behandla næringa med uvenlege auge, gjev tid også rom for ettertanke til å reflektere over ei næring som trass alt heldt varme og liv i både menneskekroppar og bygdesamfunn. Eit kretslaup av arkitektur, handverk og dyr som no forsvinn, rytmiske strukturar i landskapet som svinn bort. Ved å bearbeide og handsame pels, går Kommedal inn i eit arva rom der kulturhistorie, menneske, materiale og dyr møtast. Eit rom der langsame og repeterte rørsler dannar saum, struktur og skulptur, og kan minne oss på at tida er sirkulær; det vi har lett for å fordømme i dag var kan hende like naudsynt og naturleg som det vi sjølve vil dømmast for i morgon. Hommage inviterer oss til ei utstilling med material som peiker både fram og bak; til sorg og forsoning over eit kapittel som i år vert lukka for godt i det dei siste oppdretta trer av og takkar for seg.

Tove Kommedal (f. 1970, Noreg) er utdanna ved Oslo tegne og malerskole i 1993-94, Olav Mosebekk tegne og malerskole i 1995, Mølla kunstskole i Moss i 1996-98, samt Handelshøyskolen BI i Stavanger 2011. Ho har stilt ut mellom anna på Vestlandsutstillinga, Hå Gamle Prestegård, Østfold Kunstnersenter, Oppland Kunstnersenter og Galleri F15. Verka hennar er innkjøpt av Jærmuseet og Telenors kunstsamling. Kommedal er ein av initiativtakarane til OPEN STUDIOS STAVANGER, der ho også sit i styret.